Sirdal Kyrkje

Reinhaldar i Kvævemoen kapell

 Sirdal er ein kraftkommune i Vest-Agder med eitt sokn, fire kyrkjer og kyrkjegardar og med vel 1800 innbyggjarar. Gode barnehage- og skuletilbod, kommunal kulturskole og vidaregåande skule med internat. Rike høve for sport, naturopplevingar og ulike kulturtilbod. På kommunesenteret Tonstad ligg Kyrkjesenteret med kyrkjekontor.  

Fast stilling som reinhaldar i Kvævemoen kapell

Vi søker ein sjølvstendig og pliktoppfyllande person til å utføre reinhald i Kvævemoen kapell. Stillinga er ledig frå august 2017. Anna starttidspunkt kan avtalast.  

Vi ønsker at du har erfaring som reinhaldar frå tidlegare, men anna arbeidserfaring kan og vere interessant.


Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

- Sørgje for at alle rom i kapellet er reine og velhaldne etter gjeldande retningsliner for reinhaldsarbeidet ved kyrkjene i Sirdal, når dei skal brukast.

- Holde orden på reinhaldsutstyret.

- Vaske klutar og koppehåndklær som høyrer til i kapellet.

Andre arbeidsoppgåver kan leggast til stillinga.

 

Stillinga er på 5 %. Den tilsette kan i all hovudsak sjølv bestemme kva tid arbeidet blir utført. 

 

Evne til å arbeide sjølvstendig vil bli vektlagt. Søkjarar må snakke og forstå norsk.

 

Vi tilbyr eit triveleg og godt arbeidsmiljø, og løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lovar, regler og tariffavtalar innafor KA-sektoren (Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon).

Kan dette vere aktuelt for deg? Ta gjerne kontakt med kyrkjeverge Henning Huseby Jansen på tlf 976 33 127 for ein prat.

Kort søknad med CV sendast innan 18.mai på e-post til post@sirdal.kyrkja.no eller i vanleg post til Sirdal sokneråd, pb 133, 4441 Tonstad.

Velkomen som søkjar!

Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)