Sirdal Kyrkje

Kyrkjetenar og reinhaldar i Tonstad kyrkje

Kyrkjetenar i Tonstad kyrkje

Det er ledig stilling som kyrkjetenar i Tonstad kyrkje i 27 % frå 21.mars 2018. Anna starttidspunkt kan avtalast.  Det er utarbeidd arbeidsplan for stillinga.

Arbeidsoppgåver: Oppgåver i samband med gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement i kyrkja samt tilsyn med kyrkja. Andre arbeidsoppgåver kan leggast til stillinga. 

 

Reinhaldar i Tonstad kyrkje

Det er ledig stilling som reinhaldar  i Tonstad kyrkje i 13 % frå 21.mars 2018. Anna starttidspunkt kan avtalast.  

Vi søker ein sjølvstendig og pliktoppfyllande person til å utføre reinhaldet i kyrkja og Kyrkjestova. Det er utarbeidd arbeidsplan for stillinga..

Arbeidsoppgåver: Reinhald av kyrkja og Kyrkjestova i samband med gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement i kyrkja, etter gjeldande retningsliner for reinhaldsarbeidet ved kyrkjene i Sirdal. Den tilsette kan i all hovudsak sjølv bestemme kva tid arbeidet blir utført. 

Vi ønskjer at du har erfaring med reinhald frå tidlegare, men anna arbeidserfaring kan og vere interessant.

 

Dei to stillingane kan godt kombinerast. Det må presiserast i søknaden om ein søkjer den eine eller begge stillingane.

For begge stillingane søkjer ein etter ein fleksibel, sjølvstendig og pliktoppfyllande person som er god til å samarbeide. Den som søkjer må kunne snakke og forstå norsk.

Vi tilbyr gode arbeidsforhold. Stillingane er lønna i lønnsgruppe 1 i KA si Hovudtariffavtale. Tilsetting skjer på dei vilkåra som går fram av lov og avtaleverk for kyrkjelege tilsette.

Den som blir tilsett bør  vere medlem av Den norske kyrkja.

Interesserte er velkomen til å ta kontakt med dagleg leiar Henning Huseby Jansen på tlf  97633127 dersom du har spørsmål om stillingane.

Søknad sendast innan 20.januar 2018 til post@sirdal.kyrkja.no eller pr post til Sirdal kyrkjelege fellesråd, postboks 133, 4441 Tonstad.

 

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)