Sirdal Kyrkje

Fast stilling som trusopplærar i Sirdal kyrkjelyd

Sirdal er ein kraftkommune i Vest-Agder med eitt sokn, fire kyrkjer og kyrkjegardar og med vel 1800 innbyggjarar. Gode barnehage- og skuletilbod, kommunal kulturskole og vidaregåande skule med internat. Rike høve for sport, naturopplevingar og ulike kulturtilbod. På kommunesenteret Tonstad ligg Kyrkjesenteret med kontorfellesskap for sokneprest, organist, kyrkjelydsarbeidarar og dagleg leiar. Kyrkjelyden driv eit omfattande trusopplæringsarbeid etter godkjent lokal trusopplæringsplan.  

Fast stilling som trusopplærar / musikar

Vi søker ein allsidig og engasjert person som har lyst til å arbeide i kyrkja med trusopplæring for barn og ungdom.  Stillinga er ledig frå august 2017. Anna starttidspunkt kan avtalast.   

Du kan ha bakgrunn som musikar, lærar, barnehagelærar, trusopplærar, kateket eller kyrkjelydsarbeidar, men anna yrkesbakgrunn kan og vere interessant.


Aktuelle arbeidsoppgåver vil kunne vere:

-         - oppfølging av lokal trusopplæringsplan

-         - ulike breiddetiltak innan trusopplæringa som til dømes Babysong, Tårnagent, HalloVenn Lys våken, utdelingar til ulike aldersgrupper og anna.

-         - drift av koret Cantarellene eller anna korarbeid

-         - deltaking i konfirmantarbeid

-         - rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar

 

Andre oppgåver vil kunne bli lagt til stillinga i samråd med søkjer. Den som vert tilsett, vil i samarbeid med stab og sokneråd kunne vere med å forme stillinga utifrå interesse og erfaring, samt behov i kyrkjelyden.

 

Erfaring frå trusopplæringsarbeid eller barne- og ungdomsarbeid er sterkt ønskjeleg. Det vil bli lagt vekt på at personen er eigna til stillinga.

 

Stillinga er på 50 %, men det er mogleg å søkje på delar av stillinga. Vi vil  vurdere å auke stillinga med givarteneste ved behov. Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. 

 

Kvalifikasjonskrav
- Utdanning innan kristendom og/eller pedagogikk. Søkjarar med anna bakgrunn kan bli vurdert.

 

Kvalifikasjonskrav til søkjar som skal drive kor:

- Utdanning innan musikk, og erfaring frå korarbeid. Søkjarar med anna bakgrunn kan bli vurdert.

- Musikalsk breidde og openheit for ulike kyrkjemusikalske uttrykksformer.

 

Gode evner til samarbeid og kommunikasjon vil bli vektlagt, så vel som evne til å arbeide sjølvstendig. Søkjarar må snakke og skrive godt norsk.

Den som søker må vere medlem i Den norske kyrkja (eventuelt søke dispensasjon frå biskopen) og kunne legge fram politiattest. Ein må disponere eigen bil i jobbsamanheng.


Det let seg godt gjere å pendle til Kyrkjesenteret på Tonstad frå heile Lister-regionen, Egersund/ Lund og Sandnes/Stavanger-området.

 

Vi tilbyr eit triveleg og aktivt arbeidsmiljø, og løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lovar, regler og tariffavtalar innafor KA-sektoren (Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon).

Kan dette vere aktuelt for deg? Ta gjerne kontakt med kyrkjeverge Henning Huseby Jansen på tlf 976 33 127 for ein prat.

 

Søknad med CV sendast innan 28.mai på e-post: post@sirdal.kyrkja.no  Du treng ikkje sende med attestar og vitnemål. Det bed vi deg ta med til eit eventuelt intervju. Velkomen som søkjar!


Publiseringsdato: 09.05.2016
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)