Sirdal Kyrkje

Dåp

Dåp er ei stor hending for dåpsbarnet og den næraste familie, men dåp er også ei stor hending for heile kyrkjelyden. Når vi ber eit barn til dåpen, blir det ein del av Guds kyrkje på jorda. Vi ønskjer velkomen til dåp i Sirdal. Det vanlege er at det skjer i den kyrkelyden ein bur, og det er i den kyrkjelyden barnet skal vekse opp og få del i trusopplæringa. Nokon vel også å ha dåp i den kyrkjelyden som ein av foreldra kjem frå.
Dersom det er noko de lurar på kring dåpen, er det hyggeleg om de vil ta kontakt med oss.  Du kan også lese meir om dåp, både av barn, ungdom og vaksne på nettstaden til den norske kyrkja.
I Sirdal har vi arbeidd mykje med involvering i gudstenestelivet. Det betyr at vi ønskjer at flest mogleg skal delta i gudstenestene - ikkje berre som tilhøyrarar - men gjennom ulike oppgåver ta aktivt del i gjennomføringa. Ved dåp synest vi det er flott om nokon frå dåpsfølgjet ønskjer å vere med å bere inn dåpsvatnet og dåpskluten i prosesjonen. Det er flott om nokon også les bibeltekstane om dåpen. Dette er også noko som soknepresten vil ta opp i dåpssamtalen som han har med alle dåpsforeldre føre dåpen.

Innmelding til dåp i Sirdal:
Ta først kontakt med soknepresten for å få avtalt dåpsdag og dåpssamtale, på telefon 38371604 eller e-post prest@sirdal.kyrkja.noNår dette er avtalt sender de innmeldingsskjema ferdig utfylt til: Soknepresten i Sirdal, Postboks 133, 4440 Tonstad, eller på innmeldingsskjemaet her: Skjema for innmelding til dåp i Sirdal


Melding om namn skjer til folkeregisteret. Det må gjerast så snart som råd, og før dåpen. Dokumentasjon på namn og fødselsnummer må leggjast fram for prest/kyrkjekontor før dåpen (helst i samband med dåpssamtalen).

Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)