Sirdal Kyrkje

Kvævemoen kapell

Kvævemoen kapell ligg øverst i Sirdal. Kapellet er ein av dei kyrkjene som er opne for turistar om sommaren.

Grunnsteinen til Kvævemoen kapell vart lagt ned av biskop Karl Martiniussen 9.mai 1960, og kapellet stod ferdig 31.mai 1962. Kommunetilskot og pengegåvar frå mange gjeverar gjorde det mogleg å få reist kapellet. Den erfarne arkitekten Waldemar Hansteen teikna kyrkja og lagde kostnadsoverslag. Det er plass til omlag 100 personar i hovudsalen. I salen under galleriet er det plass til omlag 70. I underetasjen er det matsal, kjøkken, garderobe og toalett.

Utsmyking, altertavle, glassmaleri og utkast til alterparti stod Kari Ryen for. Sven Valevatn har laga preikestol og døypefont. Altertavla vart i 1984 bytt ut med ein biletvev laga av Else Marie Jakobsen. Alterbilete er rikt på symbolikk. Først og fremst er det den oppstandne og seirande Kristus framfor den tomme grava, men korset går igjen både i forma til teppet og i bilete. På bildet kan ein også sjå ein due som er symbol på den heilage ande og nokre gullsommarfuglar som er symbol på dei som er frie og heilage i Kristus. Mange av symbolene i biletet vil nok forskjellige menneske tolke ulikt ut frå eigen livssituasjon.

Orgelet i kapellet kom på plass i 1983, og det er bygd av firmaet G.F. Steinmeyer i Tyskland. Tidlegare stod det i Lunde kyrkje. Den tyske orgelbyggjaren Rudolf Janke restaurerte orgelet og sette det på plass i kapellet.

Nytt teppe til midtgangen blei levert av Ledaal teppeveveri i Stavanger like før jul i 2005

Kyrkjetenar: Bjørg Hilde Fidjeland

Reinhaldar: Reda Staneviciene


 

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)