Sirdal Kyrkje

Lunde kyrkje

1819 blei det reist eit kapell på Lunde. Då dei planla og byggje ny kyrkje på Tonstad i 1840-åra var det tale om å legge ned kapellet og bygge ny kyrkje for heile dalen på Hompland. I avrøystinga om dette gjekk folk i mot denne tanken. Ved kongelig resolusjon av 29. oktober 1847 blei Lunde kapell godkjent som soknekyrkje. Sirdal blei eige prestegjeld i 1854 med Tonstad som hovudsokn og Lunde som anneks.

Arbeidet med ny kyrkje tok til. Dei ønskte å bygge lik Tonstad kyrkje, men litt mindre. "Sokneprest Hans Petter Blix Rynning anbefalte utkastet til ny kirke på Lunde. Da kirken ble anbefalt av alle kirkelige instanser, og menigheten var meget fattig, innstilte departementet til godkjennelse av planene til tross for at Linstows typetegninger ”ikke længer ansees ganske tilfredsstillende og derfor nu kun undtagelsesvis tillades benyttede. Ved kgl res 7.12,1872 ble planene approbert. Kyrkja er bygd over slottsarkitekt Linstow si mønsterteikning som blei brukt på mange kyrkjer i Rogaland inkl. Sirdal frå 1830 og fram til bygginga av Lunde kyrkje. Lunde ble dermed den siste i rekka av den såkala Rogalandstypen.

I 1873 stod den nye kyrkja ferdig, og den blei vigsla av agderbiskop van der Lippe 1. oktober. Medan dei bygde kyrkja, måtte konfirmantane gå heilt til Tonstad til konfirmantførebuing.Då fekk dei i oppdrag av bygningsmennene å bera spiker til kyrkja frå handelsmannen på Tonstad. Det var same byggmeister som hadde ansvaret som ved bygginga av Tonstad kyrkje meir enn 20 år tidlegare, Tollak Gudmestad frå Jæren.Byggmester TollakTollaksen Gudmestad 1800-1881, stod bak ikkje mindre enn 12 bygg fra 1830 og fram til Lunde kyrkje stod ferdig i 1873.

Tonstad er 4 alen lengre og 1 alen breiere og høgare. Framme i koret har vi dei samme galleria, men det er litt mindre plass her enn i Tonstad. Biskop Munch uttalte rundt 1830 seg negativt om den type gallerier: "Ungdommen samla seg gjerne der og, trampet i gulvet, kaste hattene sine ned for å slukke alterlysene og spytte nattverdgjestene i hodet."

Altartavla og preikestolen er frå 1620, og måla av den kjende renessansekunstnaren Gottfried Hendtzschel i 1637. Han har m. a. smykka ut Ogna og Sokndal kyrkje. Altartavla og preikestol har tidlegare stått i Lund kyrkje på Moi og Bakke kyrkje. Altartavla skal også ha stått i det vesle kapellet som stod på Lunde før kyrkja blei bygd. Tavla har blitt overmalt fleire gongar. I 1840 skal den ha vore rosemåla, men allereie året etter på fekk den fire strøk med gråvkvit maling med eit gyldent kross på midtfeltet.  i 1930 blei altartavla restaurert og den fekk tilbake dei opphavelege fargane som Hendtzschel hadde gitt ho.

I 1964 kom det flotte krossfestingsbilete på plass på midttavla. Det er laga av Sverre Næsheim,og er ein kopi av bilete som er i Ogna kyrkje som Godtfried Hendtschell måla i 1627. Tavla i Lunde hadde opphaveleg tekst også på midtpartiet, der stod dei ti boda.

Orgelet er frå 1983, det har 10 register og er bygd av Rudolf Janke som er frå Tyskland. Kyrkja vart pussa opp til 100 års jubileet i 1973.

Kyrkjetenar og reinhaldar: Gunn Siri Ousdal

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)