Sirdal Kyrkje

Betyr vi noko?

Historia om Maria og Josef som vandrar til Betlehem, og Jesusbarnet som blir fødd i ein stall, er ei vakker forteljing. Ho tåler å bli gjenteken gang på gang. Inga jul utan denne forteljinga. Men ho er også noko meir enn ein tradisjon og ei god forteljing: Ho er Guds svar på spørsmålet menneske til alle tider har stilt seg: «Betyr vi noko for Gud?» Juleevangeliet viser meg kor langt Gud vil villig til å gå for å vise sin kjærleik mot oss menneske. Vi trur at Jesus var til før verda vart skapt. Han var frå æva saman med Gud Fader og Den heilage Ande. Julenatta forlét Jesus si trone i himmelen, og kjem inn i verda vår. Som det står i ei gamal hymne i Det nye testamentet: «Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv» (Fil. 2,7 f). Gud blir som ein av oss. Han vert ikkje fødd i eit palass, men i ein stall. Det er dei fattige gjetarane, dei med eit litt frynsete rykte, som først får høyre nyheita av englane. Nokre dagar gamal vert han flyktning og må rømme til Egypt. Han lever slik vi gjer med både gleder og sorger. I julesongen «Ei krubbe var vogga» syng vi om denne vegen som han gjekk ned til oss. Han kom frå Guds himmel Gud sjølv var han lik Men Jesus var fattig Og eg er blitt rik Nedstiginga stoppar ikkje der. Jesus gjekk lengre enn å stige ned frå himmelen. Han som sjølv er Gud, var villig til å ofre meir. Han gjekk så langt som det er mogleg å gå. Til slutt døyr han friviljug på ein kross. Krossen var ikkje resultatet av at Jesus vart misforstått, det var heile tida planen hans. Det går ei line: «Frå krubba til krossen gjekk vegen for deg». Men det er ei viktig side ved denne forteljinga vi må få med oss for at vi skal forstå djupna og konsekvensane. Englane fortel til gjetarane på marka: «Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Forteljinga seier meg at Jesus ikkje berre viste at han var villig til å fornedra seg, ho viser oss at han gjorde det for kvar liten skapnings skuld, det vil seie også for mi skuld. Jesus vart fattig for at eg skulle bli rik. Slik opna han porten til himlen for oss: Så enkelt og stille kom Gud til vår jord Så høgt er eg elska av Jesus, min bror Julehøgtida feirar vi til minne om Guds svar på spørsmålet: Betyr vi noko? Eg ynskjer dykk ei velsigna julehøgtid! Stein Reinertsen Biskop i Agder og Telemark
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)