Sirdal Kyrkje

Gjenklang i hjarta - biskopen sin juleandakt

Filosofen Friedrich Nietzsche var kjent for talane sine. Det vert fortalt at då han ein gong talte til ei stor folkemengd, fekk han mykje god respons frå publikum og av arrangørane. Men Nietzsche sjølv såg likevel misnøgd ut. Difor spurte dei han:

«Kvifor er du så misnøgd? Høyrer du ikkje korleis dei klappar for deg? Då svarte han: «Eg lytta etter gjenklangen i hjarta, men eg høyrer berre applaus.»

Gjenklangen i hjarta, det er det Jesus også er ute etter. Det er noko heilt anna enn applaus. Gud har aldri vore ute etter applaus, godkjennande nikk eller lovord. Då hadde ikkje juleevangeliet sett slik ut. Då hadde Jesus valt ein annen måte å kome til jorda på. For kva er verdt å applaudere i juleevangeliet? Eit lite barn født i ein stall? Ingen livvaktar, ingen diamantar. Det var riktig nok eit fantastisk englekor som song, men det var det berre nokre gjetarar som fekk oppleve.

Når Jesus vert født, er dei aller fleste opptekne med andre ting. Det var ikkje plass til Josef og Maria nokon stad. Det var viktigare og meir spanande ting å gjere den natta. Dei møtte stengte dører. Gud har aldri vore ute etter applaus. Gud er ute etter noko mykje viktigare. Han er ute etter gjenklangen i hjarta. 

Kva er skilnaden på applaus og gjenklang i hjarta? Når vi gjev applaus, står vi på utsida og vurderer. Var dette bra eller ikkje bra? Vi er tilskodarar. Men det vesle barnet i krubba var ikkje ute etter tilskodarar.

Johannes var ein av læresveinane til Jesus. Når han hadde skrive Johannesevangeliet, skriv han slik om Jesus: «Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.» Men endå viktigare var det at: «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.»
Å ta imot
Jesus er det same som å tru på han. Jesus 
kom for å skape tru. Tru er gjenklangen i hjarta.

Hjartet er sjølve senteret i oss menneske. Det står i Salomos ordtøke: «Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.» Hjartet har ein sentral plass i våre relasjonar. Når hjartet er kobla ut, vert det vanskeleg. Vi snakkar om «hjartelaust» og «hjarterått».  Heldigvis veit vi også korleis det er når hjartet får styre. Då er det godt å leve. Hjartet er viktig i høve til vår neste og til Gud. Det er sjølve pulsslaget i relasjonen.

Brorson er ein av våre aller største diktarar av julesalmar. I salmen «Mitt hjerte alltid

vanker» (Norsk salmebok nr 38) set han ord på kva gjenklangen i hjarta er:



Akk, kom, jeg opp vil lukke
mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke:
Kom, Jesus, dog herinn!
Det er ei fremmed bolig,
du har den selv jo kjøpt,
så skal du blive trolig
her i ditt hjerte svøpt.

 

Med ønske om ei velsigna julehøgtid.


Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

 

 

Publiseringsdato: 23.11.2015
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)