Sirdal Kyrkje

"Trenøkkelen" - biskopens juleandakt

Trenøkkelen

Jula er den kristne høgtida som utan tvil vert mest feira i samfunnet vårt. Kredittkorta går varme. Familiar samlast, og det er den perioden i året vi et aller mest god mat. Samstundes er jula som eit forstørringsglas. Det fine vert endå finare, medan det såre vert opplevd som endå sårare. Dei vonde relasjonane smertar endå meir. Einsemda vert større. Fattigdomen er aldri så tydeleg som i jula. For nokon er jula ei tid ein gler seg til, for andre er det heller slik at ein gler seg til jula er over.

Det er eit paradoks at jula vert feira med så mykje pomp og prakt. For det er jo eigentleg det motsette jula handlar om. Vi ser ein fattig familie som har lagt ut på ei lang vandring. Ikkje fordi dei hadde lyst, men fordi keisaren hadde gjeve ordre om det. Det var ingen vei utanom, sjølv om Maria kunne få barnet kor tid som helst. Dei to som snart skal bli foreldre, får bokstaveleg talt oppleva bustadskrisa. Trass i at alle kunne sjå at dei trengte ly for natta, var det ikkje plass i vertshusa. Ingen av dei som var innanfor baud dei sin plass. Vonbrotne gjekk dei frå dør til dør.

Når så barnet vert fødd, er det i ein stall. Dei som først kjem til stallen er ikkje dei rike, men dei fattige gjetarane. Nei, pomp og prakt passar ikkje inn i juleevangeliet.

Augustin, ein kyrkjefader frå 300-talet, sa ein gong: «Ein trenøkkel er ikkje så vakker som ein gullnøkkel, men dersom det er den som kan opne døra og ikkje gullnøkkelen, så er den mykje meir nyttig.»

Viss Gud hadde sendt Sonen sin julenatt for å gjere inntrykk og skape beundring, då hadde han kome på ein annan måte. Viss det var for å imponera, ville han å kome med all si makt og velde.  Då hadde sjølv keisaren i sitt palass vore nøydd til å kasta seg ned i beundring,. Men når han kjem så enkelt og stille til jorda vår, var det fordi han ønska å nå heilt inn til oss.

Jesus tok av seg sin verdigheit og kom som eit menneske. Han var framleis Guds Son, men han blei samstundes menneske som ein av oss. Han vart sårbar, trøytt, sliten, han gret og trygla til Far sin. Det står om Jesus: «Han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik» (Fil. 2,2).

Materialet Gud brukar er ikkje gull, men tre. Jesus blei lagt i ei krubbe av tre då Han kom til jorda. Gud brukte stokkane frå eit tre då han skulle frelse oss. To bjelkar sett saman i ein kross. Det var slett ikkje så vakkert som keisarpalasset, men det er denne krossen som opnar vegen for oss:

Fra krybben til korset gikk veien for deg
Slik åpnet du porten til himlen for meg

Kva er vel ein gullnøkkel berekna til pynt, samanlikna med ein nøkkel av tre som kan føra oss inn til noko stort. Ein nøkkel som kan opna ei stengt dør. «I dag er det fødd dykk ein Frelsar. Han er Kristus, Herren.»

Med ønske om ei velsigna julehøgtid!

Stein Reinertsen
Biskop i Agder og Telemark

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)