Sirdal Kyrkje

Perla

Vi er i starten av eit nytt år og eg las nettopp ei andakt av Tonje Haugeto Stang der ho minna om eit ord frå Jesaja 52,12. Siste delen av dette verset er slik i min nynorske bibel – ” For Herren sjølv går føre dykk og sist i flokken er Israels Gud” Dette verset fekk meg til å tenke på ein song som tek utgangspunkt i Salme 139, 5. I refrenget syng me – ”Du omgjev meg på alle sider og du held meg fast i di hand” Gud er framfor meg og bak meg, Han er på mi høgre og mi venstre side. Ja, Han omgir meg. For meg er dette ei trøst, ei sikkerheit midt i alt som kan vere utrygt og usikkert. Vi veit så lite om kva som kjem til å skje dette året, men midt i alt kan eg vere trygg i Guds omsorg. Det beste av alt er at ingenting avheng av meg og kva eg føler. Gud omgir meg på alle sider også dei dagane eg ikkje føler det slik. Han har omsorg for meg også når eg føler at Han er uendeleg langt borte. Eg er ofte så oppteken av alt eg skal gjere og alt eg skal få til, og tenkjer at verdien min ligg i det eg kan prestere. Gud er meir oppteken av kven du og eg er, enn kva me gjer. Eg har ingen nyttårsforsett, men kanskje eg skal øve meg litt på dette å sjå meg sjølv gjennom Guds auge? Han som omgir meg og vil meg vel, Han ser på meg som uendeleg verdifull. Eg er ei perle som Han ønskjer å eige og ta vare på. Kanskje du også treng å øve litt på dette? Tenk om 2014 vart eit år der Gud fekk lære oss at vi alltid får leve i Hans omsorg og vere omgitt av Hans kjærleik! Velsignelse for beskyttelse Må Gud omslutte deg på alle sider. Bevare håpet i deg, la tvilen vike. Må Gud omslutte deg på alle sider. Bevare lyset i deg, la mørket vike. Må Gud omslutte deg på alle sider. Bevare freden i deg, la frykten vike. Anne Turid Solberg Garnica (Andakten har og stått på trykk i Kyrkje og kultur nr 1/2014)
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)