Sirdal Kyrkje

Tenk om det er sant!

«Eg skulle gjerne ha sett andletet på mannen og møtt han som skreiv dette. Forteljinga om Jesu fødsel er det vakraste som er skrive. Det er det tettaste, knappaste og det vakraste», sa den verdskjende svenske forfattaren Pär Lagerkvist i ein samtale med Jakob Weidemann ein sein nattetime i Roma. Så legg han til: «Tenk om det er sant!».

Ja, tenk om det er sant at Gud vart menneske! Så har Gud tala høgt om det å vere menneske. Han er blitt som ein av oss. Salmediktaren Olof Hartmann har sagt om juleevangeliet:

«Viss dette er sant, finns det ikkje lenger einsemd og forbanning i det menneskelege, for då har Gud valt å bu hos dei utestengde og foreina seg med vår lagnad i mørkret. Då kan du høyre pusten hans også der rådvilla bur, om du berre har evangeliet hos deg.»

Viss det er sant, har vi fått det beste eksempelet på kva det vil seie å vere eit heilt menneske. Jesus har vist oss korleis vi skal leve eit ekte menneskeleg liv. Ingen har levd eit så heilt menneskeleg liv som han. Å vere menneske er ikkje framand for Gud. Han kjenner oss og veit kva det er å vere menneske. Han har kome nær oss gjennom eit lite barn i ei krubbe.

Tenk om det er sant? Da har Gud vist seg i vår verd. For augo våre, for øyro og for hendene våre har han vist kjærleiken sin slik verda aldri før har sett. Eit av vitna uttrykkjer seg slik:

I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
at han sende sin einborne Son til verda
så vi skulle ha liv ved han. (1. Joh. 4,9).

Tenk om det er sant at barnet i krubba er teiknet på at verdas frelsar er fødd! Ikkje ein politisk frelsar, ikkje ein militær frelsar, men ein frelsar som kjem som eit vanleg menneske, som ein av oss, samstundes som han er heilt ulik oss. Då er han, den einaste som kan opne porten til himmelen for oss, komen. Han er komen som ein sårbar frelsar utan livvaktar, som eit forsvarsløyst lite barn. Han kjem ikkje for å imponere med makt, men for å nå like inn til oss. Då har Gud vist at han verkeleg ønskjer å kome nær kvart menneske.

Tenk om det er sant at Messias kom julenatta, med hyrdingane og heile himmelen som dei første vitna! At himmelen den natta vart fylt med ein song dei aldri før hadde høyrt maken til. Då er alle løfta i Det gamle testamentet oppfylte. Då har livet vårt brått fått ei retning. «Tru på meg», sa han som vart lagt i krubba. «Det var difor eg kom».

«Forteljinga om Jesu fødsel er det vakraste som er skrive. Det er det tettaste, knappaste og det vakraste. Tenk om det er sant!»

«Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son,
vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy...»

Stein Reinertsen,
biskop i Agder og Telemark

«Koffor synge me aldri salmå mi?» Omtrent sånn var det hun sa det, på en samling i Sirdal på begynnelsen av 80-tallet hvor vi snakket sammen om gudstjenesten. Jeg hadde vært sokneprest i Sirdal i et par år og ville gjerne ha synspunkter på salmevalget.
Publiseringsdato: 23.11.2015
"Er det det som er å være menneske?" spør Lillian Flydal i denne ettertanken om gleden over det skapte og nøden med den som lider.
...skriv Siri Helland i denne påskeandakten.
«Ein trenøkkel er ikkje så vakker som ein gullnøkkel, men dersom det er den som kan opne døra og ikkje gullnøkkelen, så er den mykje meir nyttig», har kyrkjefaderen Augustin sagt.
Perla
Eg har ingen nyttårsforsett, men kanskje eg skal øve meg litt på dette å sjå meg sjølv gjennom Guds auge?
Betyr vi noko?
Betyr vi noko som menneske? Det er eit grunnleggjande spørsmål, skriv biskop Stein Reinertsen i denne juleandakten.
Guds vei til oss
- Budskapet om Jesus er budskapet om Guds vei til menneskene.Dette skriver Andreas Høyland i denne vesle andakten som stod på trykk i Kyrkje og Kultur i Sirdal nr 3/2012.
Livbøyen - han gjer ein skilnad på liv og død, skriv Brynhild Berg i denne vesle andakta. Den kan du også lese i Kyrkje og kultur i Sirdal nr 2/2012.
Salt
Det er ikkje så mange saltkorna som trengst for å gjere ein stor skilnad, skriv Ragnhild Maria Sandvik i denne vesle fasteandakten.
Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Neste
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)