Sirdal Kyrkje
Møtehelg

Møtehelg

Publisert: 17. Januar 2013 av Ragnhild Maria
Som ei innleiing til den internasjonale bøneveka i veke 4, arrangerer Syskenringen felleskristeleg møtehelg frå 18-20.januar.

Fredag 18.januar kl.19.30 er det "Misjonsmøte med fokus på bøn heime og ute" på Filadelfia. Misjonærparet Hannah og Egon Falk kjem på besøk og vil fortelje frå sitt arbeid i Tanzania.

Laurdag 19.januar kl.17.00 er det bønevandring for alle aldre på Tonstad bedehus. Det vil vere ulike stasjonar rundt på heile bedehuset, og dei fleste høver godt for både barn og vaksne. Etter ei kort felles innleiing kan ein vandre rundt på huset i sitt eige tempo og besøke dei stasjonane ein ønskjer. Bøn kan ha mange former, og dette vert eit høve til å be utan å formulere ord. Samlinga vert leia av Inger Solveig Høyland.

Sundag 20.januar kl.11.00 er det gudsteneste i Tonstad kyrkje ved sokneprest Sigurd Flydal. Sirdal Blandakor deltek, og det vert velkomst av vår nye organist, James Reed. Offer til Israelsmisjonen.

 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)