Sirdal Kyrkje
Hausttakkefestar i Sirdal

Hausttakkefestar i Sirdal

Publisert: 20. Oktober 2014
I går var det hausttakkefest i Kvævemoen kapell, sist søndag var det i Tonstad kyrkje. Stort oppmøte og kjekke gudstenester begge stader!

 Det er kjekt når kyrkjene fylles av glade born og vaksne, flotte frukter og grønsaker, song og leik, kveldsmat og kyrkjekaffi. Sist søndag var Tonstad kyrkje bortimot full. Tonstad barnekor song så flott, og Aurora Tjørhom imponerte med å spele piano til dei. 1.klassingane fekk utdelt boka "Tre i et tre". 5.klassingane fekk utdelt "Godt nytt", det nye testamentet. 5.klassingane ved Tonstad skule hadde forberedt seg på å lesa, dramatisera og dei hadde teikna flotte teikningar som vart vist på skjerm. Trur du ikkje halve 5.klassen var blitt spedalske, men heldigvis kom Jesus forbi og gjorde dei friske! Forteljinga om dei ti spedalske og den takksame samaritan vart leika både på Tonstad og Kvæven. På Kvæven steppa 1.- og 5.klassingane inn på sparket og vart spedalske, men heldigvis vart dei friske att og. 5.klasse på Sinnes skule hadde og teikna noko dei var takknemlege for. Borna og fleire vaksne hadde med seg blomar, frukt, grønsaker, ber, brød, kaker og anna innslag av haustens grøde. Etter gudstenesta hadde me kyrkjekaffi på Tonstad og kveldsmat i kjellaren på Kvæven. Begge festane vart avslutta med amerikansk auksjon av alle dei flotte grønsakane og fruktkorgene. Det var stor stemning og mykje pengar kom inn til TV-aksjonen. Pengane går til kirkens nødhjelp sitt arbeid med vannforsyning. Takk for to flotte hausttakkefestar!

Sjå fleire bilete her.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)