Sirdal Kyrkje
Barnas Dag 9.november

Barnas Dag 9.november

Publisert: 27. Oktober 2014
Vi inviterer heile familien til Barnas dag på kulturhuset søndag 9.november. Her blir det som tidlegare år mykje moro. Det startar kl 14 med konsert av Tonstad barnekor og Cantarellene. Etter konserten blir det sal av gryterett frå Tonstadli. Middagen kostar kr 130 for vaksen, 50 for born, max 300 for ein familie. Inngang på konsert: 50,- per person, maks 150,- per familie. Det blir hoppeslott og ulike aktivitetar i idrettshallen. Både fri leik og meir organisert leik. Så kan borna lage flotte nøkkelringar til seg sjølv og for sal same dag. Pengane skal gå til Strømmestiftelsen.

Dette året vil Tonstad Barnekor og Cantarellene framføra musikalen «Hotell de Tusen Stjerner». Musikalen er skriven av Tore Thomassen i samarbeid med Strømmestiftelsen. Tekstane skildrar gatebarna i La Paz sin kvardag, og har fokus på at det nyttar å bry seg. Alalay som kora syng om er Strømmestiftelsen sin samarbeidspartnar i Boliva. Alalay driv både oppsøkjande arbeid på gata, mottakssenter og landsbyar der dei tidlegare gatebarna får nye familiar, skulegang og ulike aktivitetar. Musikalen fortel oss at Gud har skapt og er like glad i alle menneske, og den viser oss at uansett om me er store eller små kan me gjere ein skilnad ved å vere Guds hender og føter i verda.

Med seg har kora eit band beståande av Per Sverre Kvinlaug, Lars Aksel Teistedal, Tom Egil Rødland og Frode Aagedal. SMoK stiller med lyd og lys. Vel møtt til ein flott konsert med ein viktig bodskap!

 

 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)