Nyheter
12. Mars
12. Februar
22. Desember
|
![]() Konfirmantleir til Evje, 24.-26.oktober
Publisert: 27. Oktober 2014
Me har hatt ei flott helg på leir med ein fantastisk gjeng konfirmantar.
I år som før gjekk turen til Evje, men me prøvde ut eit nytt opplegg og ein ny stad å bu. Me overnatta på TrollAktiv nord for Evje. Her måtte me fordela oss på ulike hytter og hus, og me ordna oss sjølv med mat. Den store happeningen var Klatreskogen på laurdag. I 2-3 timar sveva heile konfirmantgjengen fleire meter over bakken. Dei kryssa elva Otra svevande i ein zipline ikkje mindre enn fire gonger. Dei glisa stadig breiare, og då me spurde dei seinare på dagen om kva som hadde vore gøy, svara alle at Klatreskogen var det klart beste. I tillegg har me hatt temasamlingar, leika masse, hatt teambuilding, trusvandring og meire til. Laurdagskveld vart det sunge salmar så det ljoma i veggane, på "Det store salmeslaget": Tre finalistar tok innarsvingen på dommarpanelet og leverte verkeleg! På sundag hadde me gudsteneste med bønnevandring, før me åt hamburgarar og vart henta av Tonstad Taxi. Ein positiv, flott og høfleg gjeng som det har vore svært kjekt å vera på tur med. Takk for ei flott helg! Sjå fleire bilete her. Kommentarer |
Kilde: www.sirdal.kyrkja.no