Sirdal Kyrkje
Tårnagenthelg i Tonstad kyrkje

Tårnagenthelg i Tonstad kyrkje

Publisert: 16. Februar 2015
I helga har det vore åtte flotte tårnagentar i Tonstad kyrkje. Alle desse er 3.klassingar ved Tonstad skule. Det var ein flott gjeng agentar som har løyst mange mysterier.

 På laurdag ettermiddag troppa det opp åtte spente agentar, klare for oppdrag. Dei fekk utdelt forstørrelsesglas og fekk instukser for korleis dei skulle skaffa seg tårnagentbevis. Alle hadde augene med seg, og løyste oppdraga med glans. Etter denne testen venta boller og saft og kjekke tårnagentoppgåver i kyrkjestova. Me fekk i oppdrag og finne nokon som har reist langt for å fortelje andre om Jesus, og me følgte ulike spor som leia oss fram til Siri og Tormod Helland. I huset deira fann me spor frå Afrika, og me vart litt kjend med dei. Elles kom politiet og gav oss agent-tips, me øvde oss til gudsteneste, me klatra heilt opp i kyrkjetårnet, me utforska Sirdals største instrument, nemleg orgelet, og kosa oss ein haug. Utpå kvelden forsvann alle kyrkjeskattane, men nokon hadde lagt igjen skattekart til oss. Heldigvis var både dåpsfat, alterlysestakar, nattverdskalk og alterbibel på plass igjen til gudstenesten i går. Flinke agentar. Hovedoppdraget deira var å gjera seg klar til gudstenesten i går. Dei deltok med bering av kors, lesing, song, dramatisering og meire til på gudstenesta. Det var full kyrkje på tårnagentgudstenesta. Det var tre dåpsbarn, barnekoret og Cantarellene song, Siri og Tormod Helland gav oss eit misjons-innblikk, og konfirmantane deltok på ulike måtar i gudstenesta. Nokon var kyrkjevertar, nokon hadde baka bollar, nokon rydda opp i etterkant. Flott innsats av både agentar, kor og konfirmantar. Takk for ei flott gudsteneste og ei fin helg!:)

Sjå fleire bilete her.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)