Sirdal Kyrkje
Avskjed for Sigurd prest!

Avskjed for Sigurd prest!

Publisert: 1. November 2016
1.sundag i advent, den 27.november, vert det avskjed med sokneprest Sigurd Flydal og kona hans Lillian. Sigurd har vore ein folkekjær prest i Sirdal, og han har møtt dei aller fleste i dalen både i glede og sorg sidan han begynte her i 1990. Difor vil soknerådet skipa til ei skikkeleg avslutning for han!

Dagen tek til med gudsteneste i Tonstad kyrkje kl 11.00. Etter gudstenesta vert det middag, musikalske innslag og helsingar på kulturhuset. Dagen vert avslutta med tenning av julegrana på Eliastunet kl 16.30 og adventssamling i kyrkja kl 17.00.
Sirdal blandakor blir med heile dagen, og Tonstad barnekor blir med på adventssamlinga kl 17.00.

Det vert kyrkjeskyss for dei som treng det, sjå "Kyrkje og kultur nr 4/16" for meir informasjon. Bladet kjem ut i midten av november.


Soknerådet vonar mange frå heile dalen vil bli med å markere denne dagen, takke Sigurd for det han har betydd i bygda og ønske han alt godt vidare! Vel møtt!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)