Sirdal Kyrkje
500 år sidan reformasjonen  1517 - 2017

500 år sidan reformasjonen 1517 - 2017

Publisert: 21. Februar 2017
Det er i år 500 år sidan munken Martin Luther spikra opp dei 95 berømte tesene på kyrkjedøra i Wittenberg i tidlegare Aust-Tyskland, og med det innleia det vi kjenner som den protestantisk-lutherske reformasjonen. Dette vil bli markert i kyrkjer i heile den lutherske verda, også her i Sirdal. Mykje spennande program blir det framover!

Vi kjem attende til feiringa i maiutgåva av "Kyrkje og kultur i Sirdal", her på nettsida og på Facebook, men nemner allereie no at det kvar gudsteneste framover vil vere ei salme som er knytt til jubileet.

Sokneprest Rolf Eriksen hadde i midten av mai eit lysbildeforedrag som han kalla "I Luther sine fotspor". Det samla mykje folk, men fortener eit enno større publikum. Difor vil han og skrive litt om reformasjonen og Martin Luther i Kyrkje og kultur nr 3/17. Bladet kjem i midten av august.

Søndag 17.september blir ein spennande dag, sett gjerne av datoen allereie no. Under gudstenesta i Tonstad kyrkje denne dagen, vil kyrkjelyden få tilbake ein bibel frå 1550 som tidlegare har vore i kyrkja si eige. Den såkalla Reformasjonsbibelen, eller Christian den tredjes bibel, er svært sjeldan, og kyrkjelyden er difor svært glad for denne flotte gåva.
I tillegg vil gullkonfirmantane bli spesielt invitert til denne gudstenesta, sidan det er 50 år sidan konfirmasjonen deira. 

Og til hausten kan kulturutvalet love ei stor overrasking! Vi seier ikkje meir førebels, men gå for all del ikkje glipp av det som skal skje om kvelden den 28.oktober... :)

Følg med, følg med! 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)