Sirdal Kyrkje
Friluftsgudsteneste med NATURLOS på Virak Kristi Himmelfartsdag

Friluftsgudsteneste med NATURLOS på Virak Kristi Himmelfartsdag

Publisert: 23. Mai 2017
Velkommen til friluftsgudsteneste på Virak Kristi Himmelfartsdag klokka 11.00. Etter gudstenesta blir det ein interessant naturlostur i Viraksgrenda. Naturlos er Stanley Wirak.

Etter friluftsgudstenesta Kristi Himmelfartsdag, som er ved sokneprest Rolf Eriksen og kantor Kjetl Øygard Eidevik, får me altså meir kjennskap til Viraksgrenda ved guiden vår denne dagen, Stanley Wirak. Han held til på farsgarden Hòlå i feriar, og ofte i helgene når han har høve til det. Mange kjenner han som ordførar i Sandnes, og dette vervet held han nok meir borte frå Virak enn han skulle ynskja.

 Stanley er fødd på Knaben der faren arbeidde. Faren var også ordførar i Fjotland herad ei tid. Stanley er utdana siviløkonom, og var knytt til Statoil i 27 år. Før han tok fatt på utdanninga, var han innom ulike arbeidsfag, m.a. hos Øglænd, Sandnes Støperi, og ved Condeep anlegget. «Denne allsidige erfaringa frå arbeidslivet er gull verd, nå også som ordførar», seier han.

 Det har vore mykje fråflytting i Viraksgrenda, og det har sett litt mørkt ut for gardane her. Men Stanley er glad for den oppsvingen han ser nå: "Det er bygt vegar, eit kraftverk, ei båthamn og det er nyetablering i landbruket av unge folk, så dette går rette vegen," seier han, med ei lys mine!

 Me ser fram til samlinga Kristi Himmelfartsdag, og vonar mange vil legga turen til Virak den 25.mai.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)