Sirdal Kyrkje
Friluftsgudsteneste med NATURLOS i Ousdal 2.pinsedag

Friluftsgudsteneste med NATURLOS i Ousdal 2.pinsedag

Publisert: 23. Mai 2017
Vel møtt til friluftsgudsteneste ved Kaldebekk i Ousdal 2. pinsedag kl 11.00. I gudstenesta, som er ved sokneprest Rolf Eriksen og kantor Kjetil Øygard Eidevik, blir det også dåp! Dette er den andre friluftsgudstenesta med Naturlostur i år, og denne gongen går vegen til Myrstøl etter gudstenesta. Naturlos er Torleiv Ousdal.

 Andre pinsedag, den 5.juni kl 11.00, vert det friluftsgudsteneste i Ousdal og naturlostur etter gudstenesta. Torleiv Ousdal har takka ja til å vera naturlos, noko vi er svært glade for. Han kjenner Ousdal svært godt. 

 Gudstenesta, kor det også blir dåp, skal haldast på Kaldebekk i enden av bomvegen langs Ousdalsvatnet. Bommen blir då opna. Der er det fint å sitja med utsikt over vatnet. Vert det dårleg ver, kan vi gå inn i ein romsleg garasje på plassen.

 Etterpå ruslar vi først ein liten tur til ei gamal furu, der det er skore inn initialane IISS og årstalet 1791. Prøver av furua viser at ho er over 400 år gamal!

 Dei som ynskjer det, kan så gå dei ca tre km til Myrstøl, der Torleif har hytta si. I Myrstølområdet kan ein sjå spor etter utvinning av jernmalm. Som namnet seier, er det myrlendt, så vi treng støvlar/fjellsko. Blir veret fint, kan Torleif ordna med båt for dei som synest det blir langt å gå. Torleif har mange gode historier knytt til området, som vi får høyre undervegs.

 Det er berre å gleda seg til ein fin dag i vakre Ousdal!   

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)