Sirdal Kyrkje
Blomstergudsteneste på Øksendal skule

Blomstergudsteneste på Øksendal skule

Publisert: 13. Juni 2017
Vel møtt til BLOMSTERGUDSTENESTE på Øksendal skule søndag 18.juni klokka 11.00.

Førstkomande søndag er det duka for den årlege blomstergudstenesta med markering av det flotte skaperverket vi lever i. Gudstenesta brukar vanlegvis å vere i Haughom kapell, men i år vil den vere på Øksendal skule. Det er flott om mange tek med seg blomster frå hage og eng, slik at vi verkeleg får pynta gymsalen på skulen i vakre fargar frå naturen. Gudstenesta er ved sokneprest Rolf Eriksen og ka...ntor Kjetil Øygard Eidevik.
Etter familiegudstenesta er grillane varme, og det blir leiker og moro for borna, og kan hende også for nokre leikne vaksne? Dei som vil, kan også ta seg ein avkjølande dukkert i Øksendalstjødna.

Ta med eigen grillmat, og bli med på ei fin sommeravslutning i vakre Øksendal.

Dagen blir arrangert i samarbeid mellom Sirdal sokneråd og Tonstad bedehus. Vel møtt!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)