Sirdal Kyrkje
Stor dag for Sirdal

Stor dag for Sirdal

Publisert: 17. September 2017
Det blei verkeleg ein festdag då kong Christian den III sin bibel kom "heim" til Tonstad kyrkje under gudstenesta søndag 17.september. Rachel og Carol Bolte var komne heilt frå Minnesota i USA for å gi han i gåve til kyrkja, og det vart eit rørande augneblink då sokneprest Rolf Eriksen tok i mot bibelen.

Eigaren, Rachel Bolte, hadde bestemt seg for å gi bibelen tilbake til kyrkja han eingong hadde høyrt til i, etter at Torvild Valle forsiktig hadde spurt henne om det kunne vere mogleg. Torvild er gift med Tordis Josdal frå Sirdal, som er kusine med Carol Bolte, mor til Rachel. 

Etter gudstenesta var det middag og kaker for alle som ville få med seg den store hendinga, på kulturhuset på Tonstad. I tillegg til song frå Sirdal blandakor, var det musikkinnslag frå ein trio beståande av Ingunn Tonstad, Ivar Skregeli og Hanne Fodstad. Som om ikkje det var nok, bidrog også Inge Særheim og Hanne Fodstad med to stykker. 

Professor Inge Særheim ved Universitetet i Stavanger heldt dessutan eit spanande kåseri som han hadde kalla "Kolbein Båtstø, Martin Luther og Christian den II sin bibel", der han fekk fram kor viktig både denne bibelen og Martin Luther sin bibel frå 1534 var for utviklinga av det tyske og dei nordiske skriftspråka på denne tida.

Ordførar Thor Jørgen Tjørhom og leiar i soknerådet Aud Ingrid Fidjeland kom med helsingar og takk til gjestane frå USA, og til slutt fekk alle som hadde vore med å skipe til festen ein velfortent takk. 

På facebook finn du fleire bilde frå den store hendinga.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)