Sirdal Kyrkje
Interessant og spennande leiarstilling ledig i kyrkja i Sirdal

Interessant og spennande leiarstilling ledig i kyrkja i Sirdal

Publisert: 28. Desember 2017
Frå 1.april 2018 er stillinga som KYRKJEVERGE i Sirdal ledig. Kyrkjevergestillinga er ei svært interessant og spennande leiarstilling i Den norske kyrkja på lokalplanet, og soknerådet ser difor etter rette personen til å fylle denne stillinga. Sjå full utlysingstekst under.

Ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar

Sirdal er ein kraftkommune i Vest-Agder med eitt sokn, fire kyrkjer og fire gravplasser  og med vel 1800 innbyggjarar. Gode barnehage- og skuletilbod, kommunal kulturskole og vidaregåande skule med internat. Rike høve for sport, naturopplevingar og ulike kulturtilbod. På kommunesenteret Tonstad ligg Kyrkjesenteret med kontorfellesskap for sokneprest, organist, kyrkjelydsarbeidarar og dagleg leiar. Kyrkjelyden driv eit omfattande arbeid  for ulike aldersgrupper med tre kor, diverse trusopplæringstiltak for born og unge, aktivt ungdomsarbeid samt ulike kulturtiltak. Det er eit godt og nært samarbeid mellom kyrkja og kommunen. 

Stillinga som kyrkjeverje/dagleg leiar i Sirdal sokneråd er ledig frå 01.04.2018. Stillinga er på 100%.

Sirdal i Vest Agder fylke, er eitt sokn. Det er to kyrkjer og to kapell og fire gravplasser i soknet. Kyrkjekontoret er på Tonstad. Der har kyrkjeverje kontor i lag med sokneprest, kyrkjelydsarbeidarar og kantor. Nye kontorlokale er under planlegging.

Kyrkjeverja er øvste administrative leiar for soknerådet, jf. Kyrkjelova § 9 og 14, og får arbeidsoppgåvene sine fastsett av soknerådet. Kyrkjeverja skal vere ein pådrivar for å vidareutvikle den lokale kyrkje.

Kyrkjeverja sine hovudansvarsområde er:

-       Personalleiing

-       Økonomistyring

-       Kyrkjer og gravplasser

-       Informasjonsarbeid

-       Sakshandsamar og sekretær for Sirdal sokneråd

 

Sirdal sokneråd søkjer etter ein leiar med god kompetanse innan personalleiing, økonomi og administrasjon. Det er viktig med gode datakunnskapar.

Vi søkjer ein fleksibel og engasjert medarbeidar som kan vere med å utvikle den kyrkjelege verksemda i Sirdal.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.

Tilsettinga skjer på dei vilkåra som går fram av gjeldande lover, reglement og hovudtariffavtala frå KA. Løn etter avtale.

Målform: Nynorsk. Søkjarar må snakke og skrive godt norsk, og beherske begge målføre.
Søkjarar må
disponere eigen bil i jobbsamanheng.

Søknadsfrist: 20.januar 2018.

Nærare opplysningar kan ein få ved å kontakte kyrkjeverje Henning Huseby Jansen  97633127 eller leiar av Sirdal sokneråd Aud Ingrid Fidjeland  97600440.

Send ein søknad med CV innan 20.januar ved å følgje denne linken:https://www.webcruiter.no/WcMain/AdvertViewPublic.aspx?oppdragsnr=3664031336&culture_id=NN-NO&company_id=23081200&link_source_id=0  

eller på e-post til: post@sirdal.kyrkja.no 

Du treng ikkje sende med attestar og vitnemål. Det ber me deg ta med til eit eventuelt intervju.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)