Sirdal Kyrkje
Barnas Dag

Barnas Dag

Publisert: 8. November 2009 av Per Sverre Kvinlaug
Både familiegudstenesta og konserten med Lisa og Sophie Børud samla 150 små og store i Sirdal kulturhus i dag. Barnekoret, Sing Bell og Cantarellene sang både under gudstenesta og saman med Børud-systrene.og pappa Thomas. Det blei ein festdag!

Søndagsskulekonsulent Jorunn Elisabeth G. Lossius spelte røvar i forteljinga om den miskunnsame samaritanen. Ruth Lillian Hompland spela mannen som blei overfalt. Lossius hadde andakts-delen i familiegudstenesta som gjekk av stabelen i festsalen i kulturhuset. Både dei yngste og dei litt eldre fulgte nøye med. Oppmodinga var at Jesus vil at vi skal kjenne han og vise kjærleik til vår neste.

Utanom det "dramatiske" innslaget av Lossius, som også hadde noko hjelp frå sin mann, var gudstenesta fylt av song. Sing Bell, Cantarellene og barnekoret song og undevegs var det ei allsongavdeling med kjende søndagsskulesongar frå cd èn Alle mann på dekk. Det blei teken opp takkeoffer til Vest Agder Søndagsskulekrets. Dei som ville kunne også gå til bønestasjonar i samband med ofringa rundt alteret. Ein av stasjonane var slik at ein kunne ta ei perle og leggje i ei bønekrukke. Dei forskjellige fargane på perlane skulle illustrere ulike bøner. Det var også mogleg å tenne lys og be. Det heile blei oppsummert i ei fellesbøn leia av sokneprest Sigurd Flydal. Så lydde bønesonga "Kjære Gud, eg ber om nåde". 

Før konserten med Lisa, Sophie og Thomas Børud var det matsalg. Pølser og potetstappe stod på menyen. Til dessert var det kaffi og kaker. I pausen var det også høve til å besøke ein eigen Søndagsskulestand. Her kunne borna blant anna få ballongar, cd og søndagsskulebladet Barnas.


Lisa Børud (13) imponerte med sin songprakt saman med si yngre syster Sophie (11). Her syng ho saman med barn frå Sirdal. Det var mange flotte songar med godt budskap og friske tonar.

 

Mange benyttet anledninga til å sikre seg autograf og bilete etter konserten. Her er Mathilde frå barnekoret som blir fotografert saman med Lisa.

Det var stort sett folk frå Sirdal som var tilstades, men også nokon frå blant anna Stavanger tok turen. To av dei er med i gruppa Seven som for ikkje lenge sidan hadde konsert på Tonstad. Det var ikkje mange stolsete som var ledige i kinosalen og stemninga var svært god. 
Ein stor takk til alle som hjalp til med arrangementet. Arrangør var konfirmant- og undervisningsutvalet i samarbeid med Syskenringen, Gudstenesteutvalet, Søndagsskulen og kultukontoret. 

FLEIRE BILETE FRÅ BARNAS DAG

 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)