Sirdal Kyrkje
Born myldra i kyrkja og gav pengar til Kirkens Nødhjelp

Born myldra i kyrkja og gav pengar til Kirkens Nødhjelp

Publisert: 9. Mars 2010 av Per Sverre
Sundag var det myldregudsteneste i Tonstad kyrkje. Her myldra både born og vaksne, frå stasjon til stasjon. Dei hadde med seg pengar som dei putta på ei stor fastebøsse, og over 2000 kroner kom inn til Kirkens Nødhjelp.

Sjå bilete frå samlinga

Sokneprest Sigurd Flydal ønskja alle velkomen til myldregudstenesta. Barnekoret fulgte på med flott song og dramatisering, før Ann-Karin Sele hadde andakt. Etter andakten var det allsong med kjende barnesongar som Alle mann på dekk, Om jeg er liten eller stor og Den store skatten. Borna var så klare for myldring. I kyrkja var det plassert ut forskjellige stasjonar. Dei kunne gå rundt altaret å gje ei gåve til Kirkens Nødhjelp. På offerstativet var det plassert ei stor KN-pappbøsse (ein del større ein dei vanlege pappbøssene som mange kjenner). Det var ein eigen bønestasjon med papirfigurar som skulle illustrere nær familie. Ved døypefonten stod Sigurd og møtte borna med ei dåpspåminning. Så var det sjølvsagt også to matstasjonar. Her fekk dei kjeks og saft. På vei ut av kyrkja fekk borna ei overrasking, nemleg kvar si fargebok med Jesus forteljinger i. I tillegg fekk dei med kvar si lillia pappbøsse som dei kan bruke fram til Kirkens Nødhjelp-aksjonen, tysdag 23. mars.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)