Sirdal Kyrkje

«Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Læresveinen Johannes skildrar julas mysterium med desse orda: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.» Vi kallar den store hendinga i jula for inkarnasjonen, at Gud vart menneske, født som ein av oss i ein stall.

«Husk, nåderike Jesus, eg er årsaka til reisa di»

Dette er større enn tanken vår kan fatta. Kyrkjefader Tertullian seier difor om dette ufattelege som vi no skal feira: «Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Kva var det som «det sanne lyset» viste?
Ordet fotografere er sett samen av dei to greske orda «lys» og «skrive». Direkte oversett tyder det «å skrive med lys». Jesus fotograferer Gud! Han teiknar eit sant bilete av korleis Gud er. Det som ikkje var mogleg tidlegare, å sjå Gud, vart no mogleg. Jesus seier om seg sjølv: «Den som har sett meg, har sett Far.»

Johannes skriv difor i evangeliet sitt og breva sine om det han har sett og høyrt. Han såg korleis Jesus møtte menneske med verdigheit. Korleis han førte dei som var utanfor fellesskapen inn i fellesskapen. Dei som kom med skyld, vart tilgjevne og sett fri. Dei som mangla håp, fekk håpet tilbake. Dei som mangla meining, gav han meining i livet. Dette kunne dei sjå med eigne augo. Dei såg at Guds namn er miskunn.
Ei kvinne vart ein gong spurd: «Kva var det som kjenneteikna Jesus?». Ho svarte: «Han snudde aldri andletet sitt bort frå noko menneske.»

Julebodskapet gjev oss bilete av Gud, men det seier òg noko meir. I Mozarts Requiem syng koret: «Husk, nåderike Jesus (pie Jesu), eg er årsaken til reisa di». Det var altså menneska si frelse som var grunnen til at Han som var i opphavet hos Gud, la ut på reisa ned til oss her på jorda! Til hyrdingane på Betlehemsmarkene seier engelen difor: « I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Jesus kom ikkje berre for å gje oss eit bilete av Gud. Han kom for å frelse.
Dette året har vi markert at det er fem hundre år sidan reformasjonen starta. Eit av kjerneorda frå reformasjonen er «trua åleine». Det er ved trua på Jesus at Gud tilbyr oss frelsa si. Ikkje ved vår eigen innsats. Og Jesus oppfordrar oss til å respondere på at han kom til jorda. Sagt med Johannes sin versjon av juleevangeliet:

«Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.»


Med ynskje om ei velsigna julehøgtid!   

Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

 

Stein eller katadraler
- Tenk det! Det hele begynte med elleve, redde menn, som satt igjen etter at Jesus var død. Dette skriver Per Øistein Rogstad i denne vesle andakten. Andakten handler også om forskjellen på å hugge stein og bygge katedraler.
Et himmelblikk
På samme måte som det å stå på en fjelltopp og speide utover, kan gi oss nye perspektiver. Slik kan disse fjellmøtene i Jesu liv også gi oss innblikk i hvem han var og er, et himmelblikk på hva han har lovet oss og et utblikk til menneskene omkring oss.
- Fred være med dere
-Tvileren er regnet med. Vi kommer ikke videre om vi ikke stiller våre spørsmål om livet. Dette skriver Per Sverre Kvinlaug i andakten.
Kjærleiken vann over døden
Der skal bli fint å ha gudstenester i Sirdal i påska, få vera med å peika på det store som hende då Jesus sin kjærleik til oss menneske vann over døden. Dette skriv påskepresten i Øvre Sirdal Johannes Pettersen i denne andakten.
Å følge etter Jesus
”La oss i tiden fremover følge Jesus på hans vei opp mot Jerusalem, og tenke på hans kjærlighet som var så stor at han frivillig gav sitt liv på korset for vår skyld." Dette skriver Per Sverre Kvinlaug i andakten.
Ei helsing frå det 4. århundre
- Dette er ei velsigning som gjev von og trøyst. Dette skriv Per Øistein Rogstad i andakten.
... han skal veien finne ...
For egen del oppleves det godt å ha noe som er både utenfor meg og større enn meg, når katastrofene rammer.
Evangeliet om den nære Gud
- Den Gud som julenatt bøyde seg helt ned til oss i Jesus Kristus, han er det også som fortsatt kommer helt ned og tenner troen i vårt hjerte. Dette skriver biskop Olav Skjevesland i denne juleandakten.
Den store forteljinga og den lille
Vanlegvis er ei forteljing avslutta i fortid. Den bibelske forteljinga er annaleis. Ho avsluttar framtida. Dette skriv sokneprest Sigurd Flydal i denne andakta.
Bøn
La oss ta bønnes våpen mer i bruk! Dette oppfordrar Astrid Tjørhom oss til i andakten.
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)