Sirdal Kyrkje

«Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Læresveinen Johannes skildrar julas mysterium med desse orda: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.» Vi kallar den store hendinga i jula for inkarnasjonen, at Gud vart menneske, født som ein av oss i ein stall.

«Husk, nåderike Jesus, eg er årsaka til reisa di»

Dette er større enn tanken vår kan fatta. Kyrkjefader Tertullian seier difor om dette ufattelege som vi no skal feira: «Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Kva var det som «det sanne lyset» viste?
Ordet fotografere er sett samen av dei to greske orda «lys» og «skrive». Direkte oversett tyder det «å skrive med lys». Jesus fotograferer Gud! Han teiknar eit sant bilete av korleis Gud er. Det som ikkje var mogleg tidlegare, å sjå Gud, vart no mogleg. Jesus seier om seg sjølv: «Den som har sett meg, har sett Far.»

Johannes skriv difor i evangeliet sitt og breva sine om det han har sett og høyrt. Han såg korleis Jesus møtte menneske med verdigheit. Korleis han førte dei som var utanfor fellesskapen inn i fellesskapen. Dei som kom med skyld, vart tilgjevne og sett fri. Dei som mangla håp, fekk håpet tilbake. Dei som mangla meining, gav han meining i livet. Dette kunne dei sjå med eigne augo. Dei såg at Guds namn er miskunn.
Ei kvinne vart ein gong spurd: «Kva var det som kjenneteikna Jesus?». Ho svarte: «Han snudde aldri andletet sitt bort frå noko menneske.»

Julebodskapet gjev oss bilete av Gud, men det seier òg noko meir. I Mozarts Requiem syng koret: «Husk, nåderike Jesus (pie Jesu), eg er årsaken til reisa di». Det var altså menneska si frelse som var grunnen til at Han som var i opphavet hos Gud, la ut på reisa ned til oss her på jorda! Til hyrdingane på Betlehemsmarkene seier engelen difor: « I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Jesus kom ikkje berre for å gje oss eit bilete av Gud. Han kom for å frelse.
Dette året har vi markert at det er fem hundre år sidan reformasjonen starta. Eit av kjerneorda frå reformasjonen er «trua åleine». Det er ved trua på Jesus at Gud tilbyr oss frelsa si. Ikkje ved vår eigen innsats. Og Jesus oppfordrar oss til å respondere på at han kom til jorda. Sagt med Johannes sin versjon av juleevangeliet:

«Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.»


Med ynskje om ei velsigna julehøgtid!   

Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

 

Liten, men god som gull
Bibelen seier at du og eg er skapt til å ha samfunn med Gud, dette skriv Anne Turid Solberg Garnica mellom anna om i denne vesle andakten.
Land, land høyr Herrens ord
Å høyra Herrens ord var ein sjølvsagt del av livet i min oppvekst, skriv Ester Tjøhom i Til ettertanke.
Tryggare kan ingen vara
Mange opplever mye utrygghet i hverdagen, og oppvekst og livskvalitet blir forringet. Blant annet dette skriver Egil Netland om i denne andakten.
Fullkommen fri
”Derfor kan vi, helt ufortjent, komme til ham og få tilgivelse når vi trenger det”. Dette skriver Solveig Tonstad om i andakten. Solveig går på Tryggheim VGS.
Kongenes Konge
"..la Hans vilje skje gjennom vår livsvandring her på jord". Dette skriver Ann-Karin Sele om i andakten.
Ingen som Jesus
Det er godt å vite at same kva vi måtte kjempe med av problem og utfordringar, så kjenner Jesus til det, skriv Gerd Signy i denne lille andakten i tilknytning til sangen "Ingen som Jesus".
Da forhenget revnet
Jesu død førte til at dette forhenget revnet. Dette skriver dagleg leiar om i denne lille andakten.
Raushet er gull
Jesus var en raus person. Han møtte sine disipler, sine omgivelser og til og med sine fiender med rundhåndet kjærlighet og omsorg. Og hvem er rausere enn den som setter sitt liv til for sine venner? Dette skriver Roald Guttormsen i andakten.
Eit gratis tilbod som er ekte
”Ta imot tilbodet her og nå, ganske enkelt ved å seia ja til Jesus!” Dette skriv Olav Heggdal, pastor i Filadelfia på Tonstad, i denne andakten.
Gud har aldri forlatt oss
- Når vi føler oss sviktet og forlatt stemmer det ikke, Gud har aldri forlatt oss og kommer aldri til å gjøre det. Dette skriver Ole Lilleheim i denne lille andakten.
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)