Sirdal Kyrkje

«Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Læresveinen Johannes skildrar julas mysterium med desse orda: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.» Vi kallar den store hendinga i jula for inkarnasjonen, at Gud vart menneske, født som ein av oss i ein stall.

«Husk, nåderike Jesus, eg er årsaka til reisa di»

Dette er større enn tanken vår kan fatta. Kyrkjefader Tertullian seier difor om dette ufattelege som vi no skal feira: «Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Kva var det som «det sanne lyset» viste?
Ordet fotografere er sett samen av dei to greske orda «lys» og «skrive». Direkte oversett tyder det «å skrive med lys». Jesus fotograferer Gud! Han teiknar eit sant bilete av korleis Gud er. Det som ikkje var mogleg tidlegare, å sjå Gud, vart no mogleg. Jesus seier om seg sjølv: «Den som har sett meg, har sett Far.»

Johannes skriv difor i evangeliet sitt og breva sine om det han har sett og høyrt. Han såg korleis Jesus møtte menneske med verdigheit. Korleis han førte dei som var utanfor fellesskapen inn i fellesskapen. Dei som kom med skyld, vart tilgjevne og sett fri. Dei som mangla håp, fekk håpet tilbake. Dei som mangla meining, gav han meining i livet. Dette kunne dei sjå med eigne augo. Dei såg at Guds namn er miskunn.
Ei kvinne vart ein gong spurd: «Kva var det som kjenneteikna Jesus?». Ho svarte: «Han snudde aldri andletet sitt bort frå noko menneske.»

Julebodskapet gjev oss bilete av Gud, men det seier òg noko meir. I Mozarts Requiem syng koret: «Husk, nåderike Jesus (pie Jesu), eg er årsaken til reisa di». Det var altså menneska si frelse som var grunnen til at Han som var i opphavet hos Gud, la ut på reisa ned til oss her på jorda! Til hyrdingane på Betlehemsmarkene seier engelen difor: « I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Jesus kom ikkje berre for å gje oss eit bilete av Gud. Han kom for å frelse.
Dette året har vi markert at det er fem hundre år sidan reformasjonen starta. Eit av kjerneorda frå reformasjonen er «trua åleine». Det er ved trua på Jesus at Gud tilbyr oss frelsa si. Ikkje ved vår eigen innsats. Og Jesus oppfordrar oss til å respondere på at han kom til jorda. Sagt med Johannes sin versjon av juleevangeliet:

«Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.»


Med ynskje om ei velsigna julehøgtid!   

Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

 

Ved rennande bekker
Han er lik eit tre planta ved rennande bekkar. Dette verset er utgangspunkt for denne vesle andakten av dagleg leiar Per Øistein Rogstad.
Et rollebytte
Vi går hver dag inn og ut av ulike roller. Kollega, pappa, ektemann, arbeidsgiver, nabo. De fleste rollebyttene går greit, og vi tenker ikke så nøye over det. Men det er ikke alltid slik. Dette skriver Odd Eidner om i andakten.
Jula er meir
Difor vart Jesus Kristus menneske for å gjere det heilt klårt kven vi er: menneske som Gud ikkje vil miste, men knyte til seg i tillit. Dette skriv mellom anna biskop Olav Skjevesland i denne juleandakten.
Vi skal vere her
Studieturen til Syria var innhaldsrik for blant anna Sigurd Flydal som var ein av fleire deltakarar.
Guds omtanke og kjærleik
- "Kanskje noko som er like viktig som at sjukdommen forsvann. Jesus tok på mannen!". Dette skriv Tove Lindefjell Helle om i andakten.
Må ha det, bare må ha det
”Han vil gi oss det aller beste, og fylle livene våre med sin kjærlighet.” Dette skriver Tormod Helland i denne andakten.
På toppen av fjellet
Men den Gud som er med deg, på toppen av fjellet. Han er der også, i den dypeste dal. På den Gud som du tror på, når dagene skinner. Han er der også i den mørkeste natt. Slik lyder det i ei song som Per Sverre Kvinlaug skriver om i andakten.
Du er elsket
Er jeg elsket? Er du elsket? Slik spør Dagny Irene Tonstad i andakten.
Landet åt dei levande
Salme 116,9 Eg får ferdas for Herrens åsyn i landet åt dei levande. Det er sokneprest Sigurd Flydal som har skrevet denne andakten.
Be, så skal dere få
Denne plakataen har vi hengende på kontoret. Det kan være en liten påminnelse til oss voksne om den barnlige tilliten til Gud som Jesus snakket om. Dette skriver Per Øistein Rogstad i denne lille andakten.
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)