Sirdal Kyrkje

«Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Læresveinen Johannes skildrar julas mysterium med desse orda: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.» Vi kallar den store hendinga i jula for inkarnasjonen, at Gud vart menneske, født som ein av oss i ein stall.

«Husk, nåderike Jesus, eg er årsaka til reisa di»

Dette er større enn tanken vår kan fatta. Kyrkjefader Tertullian seier difor om dette ufattelege som vi no skal feira: «Dette er så utruleg at det må vere sant!»

Kva var det som «det sanne lyset» viste?
Ordet fotografere er sett samen av dei to greske orda «lys» og «skrive». Direkte oversett tyder det «å skrive med lys». Jesus fotograferer Gud! Han teiknar eit sant bilete av korleis Gud er. Det som ikkje var mogleg tidlegare, å sjå Gud, vart no mogleg. Jesus seier om seg sjølv: «Den som har sett meg, har sett Far.»

Johannes skriv difor i evangeliet sitt og breva sine om det han har sett og høyrt. Han såg korleis Jesus møtte menneske med verdigheit. Korleis han førte dei som var utanfor fellesskapen inn i fellesskapen. Dei som kom med skyld, vart tilgjevne og sett fri. Dei som mangla håp, fekk håpet tilbake. Dei som mangla meining, gav han meining i livet. Dette kunne dei sjå med eigne augo. Dei såg at Guds namn er miskunn.
Ei kvinne vart ein gong spurd: «Kva var det som kjenneteikna Jesus?». Ho svarte: «Han snudde aldri andletet sitt bort frå noko menneske.»

Julebodskapet gjev oss bilete av Gud, men det seier òg noko meir. I Mozarts Requiem syng koret: «Husk, nåderike Jesus (pie Jesu), eg er årsaken til reisa di». Det var altså menneska si frelse som var grunnen til at Han som var i opphavet hos Gud, la ut på reisa ned til oss her på jorda! Til hyrdingane på Betlehemsmarkene seier engelen difor: « I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Jesus kom ikkje berre for å gje oss eit bilete av Gud. Han kom for å frelse.
Dette året har vi markert at det er fem hundre år sidan reformasjonen starta. Eit av kjerneorda frå reformasjonen er «trua åleine». Det er ved trua på Jesus at Gud tilbyr oss frelsa si. Ikkje ved vår eigen innsats. Og Jesus oppfordrar oss til å respondere på at han kom til jorda. Sagt med Johannes sin versjon av juleevangeliet:

«Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.»


Med ynskje om ei velsigna julehøgtid!   

Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

 

De ble overrumplet
Påskemorgen kom overraskende på sørgende kvinner og fortvilte disipler. Det skriver Torbjørn Hestnes i denne andakten. Han skal ha være påskeprest i Øvre Sirdal i påsken. Han har gudstjenestene i Lunde kyrkje og Kvævemoen kapell, i tillegg skal han også ha friluftsgudstjeneste på Kvinen turiststasjon på langfredag.
Drømmen om noe godt
Har du gått langt noen gang? Skikkelig, skikkelig langt? Så langt at du tenkte ”nå klarer jeg ikke å gå lenger, jeg er så sliten”. Dette skriver Ingvild Mydske Fallegård,kapellan i Oppegård, blant annet i denne andakten.
Sangen om Jesus skaper forandring og håp
Gjennom sangen om Jesus fann ho sin frelsar. Dette fortel Olav Heggdal om i denne andakten. Han tar utgangspunkt i den kjende sange, "La meg få høre om Jesus".
Jesus held når livet røyner på
”Jula er meir enn luftig idyll. Jula handlar om jordnær realisme.” Dette skriv biskop Olav Skjevesland i denne juleandakten.
Jesus er sterkast
- Han er ikkje berre sterkare enn naturkreftene, han er òg sterkare enn døden. Dette skriver Georg Stensland i denne andakten. Stensland er misjonskandidat for NLM og skal reise til Indonesia om eit par år. Grunnen til at han no bur på Tonstad, er at han for tida er ungdomsarbeidar i Flekkefjord og omegn felleslag av NLM Stavanger i 50 %.
Glede i Herren
- Vær ikke bekymret; du har Herren, han bærer dine bekymringer. Dette skriver Dagny Irene Tonstad i denne andakten. Hun reiser for tiden som ettåring i barnearbeidet for Norsk Luthersk Misjonssamband. Hovedbasen er Tonstadli ungdomssenter, men hun besøker også barnegrupper i området.
O bli hos meg
O bli hos meg er kanskje en av verdens mest kjente salmer. I denne lille andakten har vi hentet fram historien som Gunnar Bonsaksen har skrevet om sangen i sangboka Syng med!
- Stadig nye mennesker kommer til tro på mannen fra Nasaret, 2000 år etter at han ble korsfestet på Golgata. Dette skriver blant annet Jørgen Tjørhom i denne andakten.
Brevet fra ham
Kanskje noen og hver av oss kunne ha godt av å lese dette i en tid hvor snart ingen har tid, skriver Olav Heggdal i andakten.
Alle mann på dekk!
"Det som kan forandre mennesker er at de blir møtt med kjærlighet og respekt.". Dette skriver Per Sverre Kvinlaug om i andakten.
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)