Alle rettigheter 2020 Sirdal kyrkjelyd

Førespurnad om dåp



Informasjon


Vi ønskjer velkomen til dåp i Sirdal. Det vanlege er at det skjer i den kyrkelyden ein bur, og det er i den kyrkjelyden barnet skal vekse opp og få del i trusopplæringa. Nokon vel også å ha dåp i den kyrkjelyden som ein av foreldra kjem frå.
Dersom det er noko de lurar på kring dåpen, er det hyggeleg om de vil ta kontakt med oss.  Du kan også lese meir om dåp, både av barn, ungdom og vaksne på nettstaden til den norske kyrkja.
I Sirdal har vi arbeidd mykje med involvering i gudstenestelivet. Det betyr at vi ønskjer at flest mogleg skal delta i gudstenestene - ikkje berre som tilhøyrarar - men gjennom ulike oppgåver ta aktivt del i gjennomføringa. Ved dåp synest vi det er flott om nokon frå dåpsfølgjet ønskjer å vere med å bere inn dåpsvatnet og dåpskluten i prosesjonen. Det er flott om nokon også les bibeltekstane om dåpen. Dette er også noko som soknepresten vil ta opp i dåpssamtalen som han har med alle dåpsforeldre føre dåpen.

Innmelding til dåp i Sirdal:

Innmeldinga her er ei førespurnad om dåp. De vil få stadfesting frå kyrkjekontoret når vi har motteke førespurnaden.
Soknepresten vil ta kontakt for å få avtalt dåpssamtale.


Melding om namn skjer til folkeregisteret. Det må gjerast så snart som råd, og før dåpen. Dokumentasjon på namn og fødselsnummer må leggjast fram for prest/kyrkjekontor før dåpen (helst i samband med dåpssamtalen).