Vigsel
Å inngå ekteskap er eit av høgdepunkta i livet. Ein kyrkjeleg vigsel er både ei offentleg juridisk handling, og ei gudsteneste kor ein ber om Guds velsigning over brudeparet og over heimen.
Kyrkja i Sirdal ønskjer på best mogeleg vis å leggja til rette for at denne dagen skal vera ein minnerik dag. Du kan velja å bli vigd i Tonstad kyrkje, Lunde kyrkje, Haughom kapell eller Kvævemoen kapell. Ønskjer du ein annan stad i Sirdal, må du kontakta kyrkjekontoret. I Den norske kyrkja kan du og få forbøn viss du har inngått ekteskap borgarleg. Kontakt kyrkjekontoret for nærmare informasjon om dette.
Før ekteskap kan inngåast, skal det skje ei prøving av om ekteskapsvilkåra etter ekteskapslova er oppfylt. Prøvinga blir føreteke av folkeregistermyndigheta. Dei har ei eiga informasjonsside med nødvendige skjema som du finn på skatteetaten.no. Papira må klargjerast mellom ein og fire månader før bryllaupet. Etter fire månader er dokumentet ugyldig, og det må då søkjast på nytt. De som har vore gift tidlegare, må skaffe ei erklæring om skifte og evt. skilsmissebevilling. De som ønskjer å endre slektsnamn ved vigselen, må sende inn skjema for namneendring. Elles kan dette gjerast i etterkant.
Før vigselen vil du bli kontakta av presten for ein vigselsamtale. Samtalen vil hovudsakeleg vera i den kyrkja/kapellet kor bryllaupet skal skje, eller ein annan stad etter nærmare avtale. Ordninga for vigsel finn du hjå www.kyrkja.no
Vigslar er gratis for personar der ein av partane er folkeregisterført i Sirdal (eller er oppvaksen her) og er medlem av Den norske kyrkja (Dnk). For brudepar som ikkje bur eller har budd (folkeregisterført) innafor kommunen, er det ei avgift ved bruk av kyrkja/kapellet og for utførte tenester. Det same gjeld om ingen av brudepara er medlem i Dnk.
Trykk på link nedanfor og legg inn nødvendig informasjon. Du vil få ei endeleg stadfesting om ønska dato og klokkeslett frå kyrkjekontoret. Elles kontakt kyrkjekontoret på post.sirdal@kyrkja.no
Helsing Kyrkja i Sirdal.