Sirdal kyrkjelyd > Kyrkjelyden > Artiklar > Artikkeldetaljer


Ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar i Sirdal sokneråd


100 % stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar er ledig frå 1. aug. 2025, eller etter avtale.

Sirdal er ein kraftkommune i Agder med eitt sokn, fire kyrkjer og fire gravplassar og med vel 1900 innbyggjarar. Gode barnehage- og skuletilbod, kommunal kulturskule og vidaregåande skule med internat. Rike høve for sport, naturopplevingar og ulike kulturtilbod. På kommunesenteret Tonstad ligg Kyrkjesenteret med kontorfellesskap for sokneprest, kantor/organist, kyrkjelydsarbeidarar og kyrkjeverje/dagleg leiar, til saman 4,2 årsverk. I tillegg kyrkjetenare og reinhaldare. Kyrkjelyden driv eit omfattande arbeid for ulike aldersgrupper med to kor, diverse trusopplæringstiltak for born og unge, aktivt ungdomsarbeid samt ulike kulturtiltak. Det er eit godt og nært samarbeid mellom kyrkja og kommunen. Det er under planlegging nytt kyrkjesenter. Kyrkjeverja er administrativ leiar for soknerådet, jf. Trussamfunnslova, og får arbeidsoppgåvene sine fastsett av soknerådet. Kyrkjeverja skal saman med soknerådet vere pådrivar for å vidareutvikle den lokale kyrkja.

Stillinga inneber:

  • Personalleiing
  • Budsjett og økonomistyring
  • Modernisering/digitalisering av rutinar og drift
  • Drift og vedlikehald av kyrkjer/kapell
  • Administrativt arbeid knytt til gravplassar og gravferder. Kommunen utfører alt det praktiske arbeidet ved bruk av kommunalt tilsette
  • Samarbeid med kommunale eininger og kommuneleiinga. Sirdal kommune utfører tenester på regnskapsføring og lønskøyring
  • Informasjonsarbeid
  • Sakshandsamar og sekretærfunksjon for soknerådet, samt iverksetting av vedtak
  • Vera med å driva prosessen fram mot nytt kyrkjesenter

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå universitet/høgskule
  • Gode IKT-kunnskapar. IKT verktøyet er public 360. IKT plattform hos Kirkepartner
  • Erfaring frå personalleiing, strategi, budsjett og økonomi
  • God kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd og organisasjon
  • Innsikt i offentleg politikk og forvaltning
  • Erfaring frå frivillig arbeid i lokal kyrkjelyd, idretts- og anna organisasjonsliv, er ei føremon

Vi søkjer ein fleksibel og engasjert medarbeidar som kan vere med å utvikle den kyrkjelege verksemda i Sirdal. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Søkjarar må snakke og skrive godt norsk. Det er ikkje krav til målform. Søkjarar må disponere eigen bil i jobbsamanheng.

Kva vi kan tilby:

Ein spanande, mangfaldig, meiningsfull, interessant og sjølvstendig stilling i eit raust arbeidsmiljø, prega av tilsette som i stor grad arbeider sjølvstendig, men også mykje i team.

Løn etter avtale. Øvrige arbeidsvilkår etter gjeldande lov og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon gjennom KLP. Eit samarbeid i ein overgangsfase kan bli avtalt nærare.

Nærare opplysningar ved leiar av Sirdal sokneråd, Sissel Agathe Bø, tlf. 90559490.

Søknad med CV og stadfesta vitnemål og attestar sender du til: sisselboe54@gmail.com

Søknadsfrist: 04.05.25.

 

Tilbake