No nærmar det seg konfirmasjon i kyrkjene i Sirdal.
Laurdag 31.mai og sundag 1.juni er det konfirmasjon i Tonstad kyrkje, og laurdag 7.juni er det i Lunde kyrkje.
Det er ein herleg gjeng konfirmantar som skal konfirmerast dei neste helgene i Sirdal. Sundag 25.mai var det samtalegudsteneste i Tonstad kyrkje med alle årets konfirmantar. Her deltok dei med song, lesing, dans og med å vise filmer dei har laga. Det vart ei fin samling i kyrkja. Etterpå var det konfirmantfest i festsalen på kulturhuset. Her hadde fjorårskonfirmantane ordna med dekking av bord, pynting og matlaging. Det var taco, is, sjokoladeleik og quiz på programmet. Bilete er frå denne festen.
Her er namna på dei som skal vere konfirmantar i år fordelt på ulike dagar og kyrkjer:
Tonstad kyrkje laurdag 31.mai kl 11:
Ida Strømstad Josdal, Vetle Dalsbotten Josdal, Vetle Mathias Åbø,
Linnea Isabell Kvernmo Fintland, Connie Rostøl Lindeland, Simon Tjørhom,
Kristi Malene Biktjørn, Vegard Ræg Haukelid, Leander Skregelid, Nora Helland,
Alissa Josdal
Tonstad kyrkje sundag 1.juni kl 11:
Benjamin Lancaster, Toralf Stegemoen Ovedal, André Bjordal, Ingeborg Ådneram, Emil Aleksander Tveit, Sebastian Dorga, Torjei Ousdal
Lunde kyrkje laurdag 7.juni kl 11:
Isak Andreas Tjørhom, Johan Sinnes, Truls Todnem, Trym Myhre
No nærmar konfirmanttida seg slutten for denne gjengen, men me har dei to største høgdepunkta igjen. Sjølve konfirmasjonsdagen, og konfirmantleir i Bø den 20.-24.juni.
Takk for eit flott år og for at me har fått bli kjend med dykk!