Frå 01.08.2025 er John Birkeland tilsett i 100% fast stilling som kyrkjeverje i Sirdal.
Me er svært glad for å ha John på plass i denne stillinga. Me har blitt godt kjent med han allereie, då han har fungert som vikar i deler av stillinga sidan februar. John har svært mykje relevant erfaring frå tida som tilsett i Sirdal kommune. John har glimt i auge og det går ikkje ein dag utan at han får oss til å le av sine tørre vitsar. Han er ein triveleg kar, så me oppfordrar til å stikke innom eller ta ein telefon om det skulle vere noko de lurer på.
Hjarteleg velkomen inn i staben vår John, me håper du vil trivast godt!