Laurdag og sundag 1. og 2. februar var det tid for tårnagenthelg i Sirdal. Tredjeklassingane i Sirdal var invitert til å vera med på agentsamling laurdag og til å delta på gudstenesta på sundag.
16 spente tredjeklassingar møtte opp i kyrkjestova laurdag ettermiddag. Først måtte alle gjennom ei agentløype i kyrkja og bli godkjente agentar. Agentane fekk så mange oppdrag og mysterium å løyse, og både kyrkja, tårnet, orgelet og Bibelen blei utforska. Politiet kom og ga oss gode agenttips slik at me klarte å løyse dei ulike oppdraga.
I Kyrkja og rundt omkring på Tonstad fann me ulike spor som leia oss til ein familie som har budd i Afrika i mange år. Hos dei fekk med høyre litt om kva dei har opplevd og korleis dei har vore med på å løyse det store oppdraget me hadde funne i Bibelen: Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.
På sundag var det tårnagentgudsteneste. Det var to born som vart døypte og tårnagentane fekk vist kva dei hadde funne ut på laurdagen. Alle tredjeklassingane fekk ei bok om skatten i Liljedal, der dei kan lese om tre andre agentar som brukar bibelen som eit skattekart i jakta på ein forsvunne kyrkjeskatt.