Annakvar onsdag kl 10-12 er småbarnsfamiliar hjarteleg velkomne til Tonstad kyrkje.
Det er babysong i kyrkja for dei minste, og småbarnstreff i kyrkjestova for dei litt større.
Felles lunsj for alle i kyrkja etter samling. Eit godt utgangspunkt for å treffe andre som er heime med små barn.
Babysong er for born opptil om lag eit år,
og tanken er at ein av foreldra deltek ilag med bornet.
Det vert mykje song, bevegelse, rim og regler. Alt lagt opp for dei aller minste. Dette er ei flott stund der foreldre og born kan glede seg og oppleve fine ting i lag.
Det vil vere Ragnhild Orestil Sandvik som leier babysongdelen.
Samtidig med babysong i kyrkja blir det småbarnstreff i kyrkjestova (det lille huset rett bak kyrkja). Her vil Inger Solveig Høyland ha opplegg for borna som er for store til babysong. Det blir bibelforteljing, song, teikning og leik. Her kan borna kome aleine eller i lag med ein vaksen. Dermed kan dei som skal på babysong gjerne ta med eldre søsken.
Til slutt samlast alle i kyrkja for å spise lunsj. Det blir salg av lunsj. 30 kr for vaksne og gratis for born. Det vil variere litt kva som står på menyen. (Rundstykker, pastasalat, pizzaboller, lapper…) Men det er og lov å ha med medbrakt om det passer betre.
Oppstart onsdag 20.april kl 10,
så blir det annankvar veke framover:
20.april, 4.mai, 18.mai, 1.juni og 15.juni.
Ansvarleg: Inger Solveig Høyland, Ragnhild Orestil Sandvik og Maria Hellestøl Reyes