Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Grøn kyrkje


Sirdal sokneråd gjorde vedtak om dette på eit møte 7. mars 2007.

 

Alle kyrkjelydane i landet blei utfordra til dette gjennom Fasteaksjonen det året. Sirdal var faktisk den andre kyrkjelyden i landet som meldte seg som grøn kyrkjelyd, slått på målstreken av Paulus kyrkjelyd i Oslo. Det blei utarbeidd ein handlingsplan som tar opp emne og prioriteringar innan: gudstenesteliv, diakoni og undervisning, innkjøp, energi, transport og avfall.

Den norske kyrkje sentralt har ein eigen nettstad for fagområdet som du finn på www.gronnkirke.no.

Arbeidsgruppa for Grøn kyrkjelyd arbeidar for å halde varm tanken om ei berekraftig utvikling i Sirdal kyrkjelyd.  

Tilbake