Ei annleis påske. Ting å gjera saman med barn og unge.


Det vert ei annleis påske i år og. Men påske vert det sjølv om me ikkje kan samlast slik me har lyst til. I artikkelen finn de lenkjer til kva de kan gjera saman med barn og unge for å feira påske saman i familien. 

 

Illustrasjon: Lars Tothammer

 

I fjor delte me ein del lenkjer til ulike aktivitetar for familien og filmar som kan vere fine for barna å sjå. Desse ønskjer me å dele i år og.

På Den norske kirke si Facebookside vil det bli delt samlingsstund for dei minste på palmesundag og 1. påskedag. Lokalt i Sirdal vil det og bli delt frå kyrkjene på skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag. Sjå programmet for kyrkjene i Sirdal for meir utfyllande informasjon.

For barn, unge og familiar vil det bli hengt ut påskerebuser på kvar plass rundt Kvævemoen kapell og Tonstad kyrkje. Rebusen vert hengd ut på skjærtorsdag og vert hengande til påskeaftan. Då kan familien gå saman, løyse rebusen å sende inn svar. Vinnaren blir premiert😊.

 

Aktuelle lenkjer for barn og unge:

  • Samlingsstunder, babysong og song for dei minste. Sjå Den norske kirke si Facebookside
  • Heimepåske med barn. Tips til korleis ein kan snakke og lære om påska heime med barna.
  • Påskesonger – åpne spillelister på Spotify
  • Lag eit takketre! Det kan vere ein fin påskeaktivitet å ha fokus på kva me kan vere takknemlege for. «Hjerte Hjemme» har laga et takketre til påske i fleire år, sjå deira youtube kanal til korleis de kan laga eit takketre heime.
  • Påskefilmar for barna
  • Påskefilm for ungdomar og dei vaksne
    • «Risen» - Ein påskefilm der ein romersk offiser får i oppgåve å finna ut kva som skjedde med Jesus etter han vart krossfesta. Filmen har 12 år aldersgrense, den kan leigas på Netflix og du kan lese om den her.

Me ønskjer dykk alle ei riktig god påske!

 

 

Tilbake