Konfirmasjon 2020


Me hadde ei flott helg med konfirmasjonar siste helga i august. Det var strålande flott ver og strålande flotte konfirmantar.

 

 

Endeleg fekk me gjennomført konfirmasjonane i Sirdal. Tre konfirmasjonsgudstenester på ei helg, og det vart ei flott helg på alle måtar.
Vår kjære sokneprest Rolf Eriksen er no blitt pensjonist, og denne maraton-helga var noko av det siste han var med på. Han hadde flotte taler der han minna konfirmantane på kor høgt elska dei er av Gud.
Her er bilete frå konfirmantane på dei ulike gudstenestene.

Her er konfirmantane i Lunde kyrkje laurdag 29.august. Frå venstre sokneprest Rolf Eriksen, Marius Nygaard Fidjeland, Karmen Ådneram, Karoline Tjørhom og Victoria Førland.

Her er dei som var konfirmert i Tonstad kyrkja laurdag 29.august. Frå venstre  Benedicte Fundal Gauthun, Lukas Tjørhom, Ingrid Ovedal-Haugen, Aadne Ousdal Hompland, Karen Eline Tonstad, Runar Ovedal, Grete Sofie Waldeland, Mathea Tonstad Johansen, sokneprest Rolf Eriksen

Desse vart konfirmert i Tonstad kyrkje sundag 30.august. Bak frå venstre : Stein Ivar Liland, Markus Granheim, Jonatan Høyland, Tommy Omlie,Framme frå venstre: Sokeprest Rolf Eriksen, Siv-Jorunn Matningsdal, Marie Nord-Varhaug, kyrkjelydsarbeider Inger Solveig Høyland

 

Takk for eit flott år til konfirmantar og føresette! Takk for flott innsats til Rolf! Og takk til alle frivillige som hjalp oss med ekstra-arbeidet i forbindelse med smittevern. Det gjekk som smurt fordi me hadde flinke medhjelparar på kvar gudsteneste.

Tilbake