Hausttakkefest


Sundag 6. og 13.september hadde me haustakkefest på Kvæven og på Tonstad. Dette var og dei siste gudstenestene som soknepresten vår Rolf Eriksen hadde her i Sirdal. Han fekk takk og blomar av prost Geirulf Grødem på gudstenesta på Tonstad.

 

Haustakkefestane var gudstenester med mykje innhald. På Kvæven var det dåp og utdeling av bibel og bok til 4.åringar og 1.klassingar. På Tonstad var det song av barnekoret og utdeling av bok til 1.klassingane. 4.åringane på Tonstad vil bli inviterte på ei samling i november.

Både på Kvæven og på Tonstad hadde me i forkant av gudstenesta ei samling med dei inviterte borna. Då førebudde me oss til gudstenesta. Me opna skattekista og høyrde fortellinga om dei ti spedalske som Jesus gjorde friske, men kor berre ein kom attende for å seie takk.

Me snakka om kva me kan takka for. Borna hadde mange gode forslag, og me har mykje å vere takksame for. Til slutt i samlinga laga me eit takketre. Dette er eit tre med blader som ikkje visner og kor borna fargela bladene og skreiv kva de ville takka for på baksida. Det vart sagt takk for mamma, pappa, vener, mat, klede, ein fin sommar, gåver og mykje, mykje meir.

Etter gudstenesta på Tonstad var det avskjedssamling for Rolf. Han har vore sokneprest i Sirdal i nesten fire år. Den siste tida vart spesiell med Korona og avlyste gudstenester. Men Rolf tok denne utfordringa på strak arm og publiserte preike både heimesida vår og gudstenester på facebook. Me er svært takksame for det han har gjort for oss og den tida me har fått ha han her i Sirdal. Me ønskjer han lukke til i pensjonisttilværelsen!

Tilbake