Alle rettigheter 2020 Sirdal kyrkjelyd

Kvævemoen kapell


Kvævemoen kapell ligg øvst i Sirdal. Kapellet er ei av dei kyrkjene som er opne for turistar om sommaren.

 

 

Grunnsteinen til Kvævemoen kapell blei lagt ned av biskop Karl Martiniussen 9.mai 1960, og kapellet stod ferdig 31.mai 1962. Kommunetilskot og pengegåver frå mange givarar gjorde det mogleg å få reist kapellet. Den erfarne arkitekten Waldemar Hansteen teikna kyrkja og laga kostnadsoverslag. Det er plass til omlag 100 personar i hovudsalen. I salen under galleriet er det plass til omlag 70. I underetasjen er det matsal, kjøkken, garderobe og toalett.

Utsmykking, altertavle, glasmaleri og utkast til alterparti stod Kari Ryen for. Sven Valevatn har laga preikestol og døypefont. Altertavla vart i 1984 bytta ut med ein biletvev laga av Else Marie Jakobsen. Alterbiletet er rikt på symbolikk. Først og fremst er det den oppstandne og sigrande Kristus framfor den tomme grava, men korset går att både i forma til teppet og i biletet. På biletet kan ein òg sjå ei due som er symbol på den heilage ande og nokre gullsommarfuglar som er symbol på dei som er frie og heilage i Kristus. Mange av symbola i biletet vil nok ulikr menneske tolka ulikt ut frå eigen livssituasjon.

Orgelet i kapellet kom på plass i 1983, og det er bygd av firmaet G.F. Steinmeyer i Tyskland. Tidlegare stod det i Lunde kyrkje. Den tyske orgelbyggjaren Rudolf Janke restaurerte orgelet og sette det på plass i kapellet.

Nytt teppe til midtgangen blei levert av Ledaal teppeveveri i Stavanger like før jul i 2005

Kyrkjetenar: Bjørg Hilde Fidjeland

Reinhaldar: Reda Staneviciene

Tilbake