Sundagsskule i kyrkja på Tonstad


Nytt av hausten er at me startar opp sundagsskule på nokre av gudstenestane på Tonstad.

 

I kyrkjelyden ønsker me eit større fokus på familien når det er gudsteneste i kyrkja på Tonstad. På gudstenestar som ikkje er familiegudstenestar, ønsker me å ha eit tilbod om sundagsskule for borna. Om me får det til, er avhengig av at me får med oss nok leiarar i tida framover, så det er eit viktig bønneemne!

Me hadde den fyrste sundagsskulesamlinga sundag 19. august. Då var det dåp i kyrkja om mange born til stades. Det vart ei triveleg samling i kyrkjestova om Noas Ark. Borna kosa seg med å høyra forteljinga og kikka på dyra i ein duplobåt. Deretter fekk dei klistra på klistermerker med dyr på kvar sitt bilete av arka.

Dei neste datoane for sundagsskule i Tonstad kyrkje er:

30. september

14. oktober

25. november

9. desember

 

 

Velkommen!

Tilbake