Alle rettigheter 2018 Sirdal kyrkjelyd

Nytt om TRAFO


Hausten er godt i gang for gjengen på TRAFO. Her kjem ei lita oppdatering om kva som har skjedd så langt dette semesteret.

 

Trafo starta opp med haustens Kick-off den 25.august. Det vart ein flott kveld med 25 ungdom. Mange av dei nye 8.klassingane kom og det vart god stemning. Curt Westman hadde andakt og fortalde om ungdomstida si. Det gjorde inntrykk! Karsten Kviddbergskår, som har vore ein del innom trafo tidlegare òg, song for oss i lag med kjærasten sin, Anette. Me hadde quiz, leik, mafia, bordtennis og mykje kjekt, før dei som ville avslutta kvelden med ei samling på loftet. Det er nytt av året at dei som vil går på loftet kl 23 for ein prat om andakten og trua elles. Me ber i lag til slutt.

Helga etter var me ein gjeng på 20 stykk som reiste til Evje på tur. Me klatra i klatreskogen, overnatta i lavvoar i Mineralparken, var på ungdomsmøte på bedehuset i Evje, hadde teambuilding og mykje kjekt. Nokre køyrte gocart i tillegg. Det var ein fin tur med ein flott gjeng ungdommar.

Sist laurdag var det om lag 30 ungdommar som kom på bingokveld. Me samla inn penger til ein skule i Kenya. Siri og Tormod Helland jobbar ved skulen, og me fekk inn 1650 kr, som skal gå til drift og utstyr til skulen. Det var Tina Haddeland som hadde andakt, og det gjorde ho på ein glimrande måte.

Alt i alt har me hatt ein strålande start på trafo i haust. Me gler oss over at så mange kjem!

 

Tilbake