Alle rettigheter 2018 Sirdal kyrkjelyd

Opplegg for 5. klassingar i kyrkja


Sundag 16. september fekk me ha med oss 6 flotte jenter frå 5. klasse på gudsteneste i Tonstad kyrkje. Dei var invitert til å koma til kyrkja for å få utdelt eit Nytestamente.

 

Midt i september var det 5. klassingane sin tur til å bli invitert til å få bok i kyrkja. Det blei 6 jenter som møtte til ei samling på Tonstad fredag ettermiddag for å førebu seg. Fyrst fekk dei høyra forteljinga om då Jesus vekte opp Lasarus frå grava. Deretter laga me innbakte pølser som me kalla "Lasaruspølser". Her fekk jentene surra pinnebrøddeig rundt ei pølse slik at det såg ut som ein mann surra inn i linklede. Dette var stor stas!

Jentene øvde inn eit drama om Lasarus som dei viste på gudstenesta på sundagen. Her bidrog dei òg med tekstlesing, og gjennomgang av heile Bibelhistoria på nokre få minutt.

Tilbake