Alle rettigheter 2018 Sirdal kyrkjelyd

Aktivt blandakor!


Aktiv seinhaust for Sirdal Blandakor!
 

Denne hausten har Sirdal Blandakor eit nokså tettpakka program. Allehelgensdag, 4. nov., skal me delta på gudstenesten i Lunde kyrkje. Allereie søndagen etter er me med på ein salmekveld i Flekkefjord kyrkje saman med koret der. Onsdagen etterpå, 14. nov., held me ein tilsvarande salmekveld i Tonstad kyrkje. Så er me tradisjonen tru med på adventsamling 1. søndag i advent på Tonstad. Den store julekonserten i kulturhuset 8. des. er i år med Maria Arredondo og Torstein Sødal, og blandakoret deltek også her saman med Tonstad Barnekor og Sirdal Soul Children. Vi rundar av haustsemesteret med å synge jula inn 20. des. Det er heller ikkje utenkjeleg at ein del av koret stiller opp på 1. juledag, slik dei ofte har gjort. Så aktiviteten i koret kan ein ikkje klage på! Men me skulle gjerne hatt nokre fleire songarar! Spesielt er me på jakt etter mannfolk, men me tar gjerne imot fleire kvinner i koret også! Det er ingen prøvesynging eller krav om ferdigheter ut over å vere glad i å synge. Så har du lyst til å bruke stemmen din litt meir, ta kontakt med kantor og dirigent Kjetil Øygard Eidevik på tlf. 99 54 52 99, eller møt opp i kyrkja på torsdagar kl. 19.30!

Tilbake