Samling for 3 åringar


Denne hausten har me starta opp med ei samling for 3 åringar i kyrkja på ettermiddagen. På Tonstad hadde me ei slik "sauesamling" for 6 barn tysdag 16. oktober.

 

På sauesamlinga fekk barna høyra historia om den gode hyrden og sauene hans. Deretter fekk dei hjelpa til med å leita etter 20 sauer som hadde gøymt seg bort inne i kyrkja. Dette var stor stas!

Etterpå hadde me fest i kyrkjestova for sauene som var blitt funne, med saft, bollar og utdeling av bok.

Det blir ei tilsvarande samling i Kvævemoen kapell tysdag 23. oktober.

Tilbake