Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Hausttakkefest


Sundag 28. oktober var det tid for hausttakkefest både i kyrkja på Tonstad og i Kvævemoen kapell. På desse gudstenestane var det utdeling av bok til 6 åringane.

 

Fredagen før hadde me samling med inviterte 6 åringar i kyrkjestova. Der fekk dei høyra fortellinga om dei ti spedalske som Jesus gjorde friske. Sidan det var tid for hausttakkefest, fokuserte me på samaritanaren som kom tilbake for å takka Jesus. Borna fekk vera med på å leika denne fortellinga, og var veldig ivrige og flinke! På sundag var dette ein del av preika i kyrkja.

Elles laga me eit takketre. Her fekk alle teikna rundt handa si og klyppa ut, skriva noko dei var takksame for, og festa desse i greinene på treet. Me avslutta med bollar og høgtlesing i boka dei skulle få utdelt på sundagen.

På sundagen hadde me to fine gudstenestar i lag med 6 åringane, og på Kvæven var det i tillegg presentasjon av to konfirmantar. Begge gudstenestane vart avslutta med amerikansk auksjon med mykje fine gevinstar.

Tilbake