10. og 11. november var det tid for tårnagenthelg i Tonstad kyrkje. Det blei to kjekke dagar i lag med 12 flotte tårnagentar frå både øvre og nedre Sirdal.
Tårnagentane møtte i kyrkja laurdag ettermiddag, og fekk fort utdelt sitt fyrste oppdrag. Utstyrt med forstørrelsesglas skulle dei jobba seg gjennom ein labyrint i kyrkja som inneheldt fleire utfordringar dei måtte løysa. Tårnagentane syns det var veldig spennande og var veldig klare for nye oppdrag.
Me fekk besøk av Bartimeus som fortalte om korleis Jesus hadde helbreda han slik at han fekk synet tilbake. Dette sette agentane på neste spor, som var å læra meir om den forteljinga i den store Bibelen inne i kyrkja.. Vidare fekk dei læra seg to songer som dei skulle framføra på gudstenesta på sundag, læra korleis politiet finn fingeravtrykk, øva på å skriva med blindeskrift og leita etter ei forsvunnen skattekiste. To av høgdepunkta var nok å få prøva orgelet i kyrkja, og å klatra opp i klokketårnet.
Kvelden blei avslutta med eit godt måltid taco, og førebuingar av song og drama til dagen etter.
På gudstenesta på sundag bidrog tårnagentane med prosesjon, song, tekstlesing, kollektbøn og drama. Og så hadde dei lagt klart oppdrag til heile kyrkjelyden gøymt under putene i benkane.