Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Samling med 2.klassingar


For fyrste gong har me hatt samling for 2.klassingar i kyrkja på Tonstad. Det var ein triveleg og engasjert gjeng som møtte i kyrkjestova ein fredag ettermiddag i februar.

 

Dette skuleåret har me utvida trusopplæringstilbodet med fleire nye tilbod. Eit av dei var samlinga med 2.klassingar sist helg. Fyrst møtte ein fin gjeng på fredag kveld til ei samling med den lamme mannen frå Markus 2 som tema. Borna fekk høyra forteljinga og jobba med teikningar og andre aktiviteter om same emne. Seinare gjekk me inn  kyrkja for å øva inn eit drama til gudstenesta på sundagen. Som avslutning av samlinga fekk dei bollar, saft og ei aktivitetsbok om ulike historiar frå Bibelen.

På sundagen var det tid for gudsteneste, der borna bidrog med prosesjon og dramatisering av historia om den lamme mannen. Neste helg blir det utdeling av bok til 2. klassingar på Kvæven.

Tilbake