Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Lys Vaken


Lys Vaken er eit overnattingsarrangement for 6.klassingar som blir arrangert over heile landet. I år var fyrste gongen me hadde dette i Sirdal. Lys Vaken handler om å læra meir om Jesus som lyset vårt, og korleis me kan vera vakne for kvarandre, verda og Gud.

 

9. februar møtte 12 spente 6.klassingar frå både Tonstad og Sinnes opp til Kvævemoen kapell. Det blei ei triveleg helg med mykje leik og moro, Bibel, hobbyaktivitetar, tur opp i kyrkjetårnet, film og  førebuing til gudsteneste og bønevandring. Me hadde flotte hjelparar med oss som stelte i stand taco på kvelden. På kvelden rigga me oss til med madrassar rundt om i kyrkja og fekk nokon timar med søvn.

 

På gudstenesta var 6.klassingane med på å lesa teksta, samlingsbøn og dramatiserte søndagens tekst på ein veldig fin måte.

Tilbake